Elever sin teikneglede og meistring i arbeid med observasjonsteikning på 5.trinn
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3085723Utgivelsesdato
2023Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Institutt for kunstfag [313]
Sammendrag
Tema for denne masteroppgåva er observasjonsteikning i undervisninga, og korleis elevar på 5.trinn opplever teikneglede og meistring i arbeid med observasjonsteikning. Dette er undersøkt gjennom eit kvalitativt kasusstudie (Postholm, 2005) og er festa i eit undervisningsprosjekt. Omgrepa teikneglede vert knytt til Mihaly Csikszentmihalyi (2014) sin «flow» teori, medan omgrepet meistring vert knytt til Atkinson sin modell over prestasjonsmotivasjon, ut frå Imsen (2020).
Vidare vert teikneopplæringa sett i ein sosiokulturell kontekst jf. Vygotskij (1995). Ut frå den sosiokulturelle ståstaden er eleven ifølge Nina Scott Frisch (2010, 2011) avhengig av andre for å lære seg spesifikke teikneferdigheiter. Vygotskij (1995) viser til at den kreative evna er ein sosial prosess, der det i alle oppfinningar alltid finst bevarte restar av eit anonymt samarbeid. Denne kasusstudien viser at det å lære elevar teikneskjema gjennom observasjonsteikning kan auke elevar sin teikneglede og meistring, samt evne til å teikne fantasi – og førestillandeteikning. Dette grunngjevast ved funn frå undersøkinga, som syner ein korrelasjon mellom elevane sine ferdigheiter i observasjonsteikning og førestillande teikning. Ut frå Wilson og Wilson (1977) kan dette vere fordi elevane har tileigna seg større variasjon i skjemabiblioteket, som igjen aukar eleven sin moglegheit til å generere fleire teikningar.
Studien viser at elevane opplever teikneglede ved fantasi- og førestillandeteikning, ved beskriving av eigen teikning og ved at dei teikna på fritida. I tillegg opplever elevane teikneglede og meistring i arbeid med observasjonsteikning når dei får tett og tilrettelagt oppfølging av lærar. Når læraren viser teknikk gir elevane uttrykk for å følgje nøye med, og viser glede når de meistrar. Slik heng meistring og teikneglede saman. På den måten spelar læraren ei viktig rolle for eleven sin teikneglede og meistring. For å støtte og rettleie eleven kan læraren mellom anna nytte Brænne og Heggvoll (2018) sine teiknemetodiske tilnærmingar. I denne oppgåva vert dei syntetiske og analytiske tilnærmingane nytta. Masteroppgåva drøfter i tillegg korleis læraren sin manglande kompetanse innan visuelt kontrollert teikning (Frisch, 2010) kan føre til teiknekrise og hindre eleven si teikneutvikling
Beskrivelse
Master i grunnskolelærerutdanningen 5.- 10. trinn, kunst og håndverk. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen