Show simple item record

dc.contributor.authorTveit, Frank Tore Farsund
dc.date.accessioned2023-08-18T12:07:03Z
dc.date.available2023-08-18T12:07:03Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3084834
dc.descriptionMasterstudium i organisasjon og leiing, helse- og velferdsleiing og utdanningsleiing, Fakultet for økonomi og samfunnsvitenskap, Institutt for samfunnsvitenskapen_US
dc.description.abstractFøremålet med denne masteroppgåva er å undersøke korleis leiarar føreheld seg til organisasjonskultur i ein samanslåingsprosess, med utgangspunkt i ein samanslåingsprosess mellom to fylkeskommunar. Vidare vert det undersøkt kva rolle visjon, verdiar og artefakter har spelt i denne prosessen. Dette er ein kvalitativ studie der ein har nytta ein teoridreven metode og eit casedesign, der empiri er henta inn ved å gjennomføre semistrukturerte forskingsintervju med eit utval leiarar i fylkeskommunen som er undersøkt. Dei empiriske funna er deretter analysert i lys av teorien som er lagt til grunn for oppgåva. Det er teke utgangspunkt i Schein (1987) sin modell knytt til organisasjonskulturens ulike nivå, underbygga og utvida av blant anna Bang (2011). I tillegg er til dømes Jacobsen og Thorsvik (2019) nytta for å trekke inn perspektiv knytt til leiing av organisasjonar og endringsprosessar. Hovudfunna tyder på at leiarane har hatt eit klart fokus på organisasjonskultur i samanslåingsprosessen. Ein har hatt eit bevisst forhold til utvikling og bruk av verdiar for organisasjonen, og bruk av artefakter som eit middel for å bygge organisasjonstilhøyrsle. Ein har også hatt eit tydeleg fokus på å byggje eit fellesskap i den nye organisasjonen, og ein har gjennomført ulike aktivitetar, samt som nemnd nytta verdiar og artefakter aktivt. Denne bruken har vore bevisst for å bidra til å byggje dette fellesskapet. Eit anna interessant funn er at leiarane har opplevd samanslåingsprosessen som krevjande, og at ein har opplevd å stå i eit krysspress mellom oppgåver knytt til å byggje ein ny organisasjon, og oppgåver knytt til å drifte organisasjonen.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleÅ byggje eit fellesskap – ei masteroppgåve om utvikling av organisasjonskultur i ein samanslått organisasjonen_US
dc.title.alternativeTo build a sense of fellowship – a thesis about the development of organizational culture in a merged organizationen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMR691en_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Except where otherwise noted, this item's license is described as Navngivelse 4.0 Internasjonal