Å byggje eit fellesskap – ei masteroppgåve om utvikling av organisasjonskultur i ein samanslått organisasjon
Abstract
Føremålet med denne masteroppgåva er å undersøke korleis leiarar føreheld seg til organisasjonskultur i ein samanslåingsprosess, med utgangspunkt i ein samanslåingsprosess mellom to fylkeskommunar. Vidare vert det undersøkt kva rolle visjon, verdiar og artefakter har spelt i denne prosessen.
Dette er ein kvalitativ studie der ein har nytta ein teoridreven metode og eit casedesign, der empiri er henta inn ved å gjennomføre semistrukturerte forskingsintervju med eit utval leiarar i fylkeskommunen som er undersøkt. Dei empiriske funna er deretter analysert i lys av teorien som er lagt til grunn for oppgåva. Det er teke utgangspunkt i Schein (1987) sin modell knytt til organisasjonskulturens ulike nivå, underbygga og utvida av blant anna Bang (2011). I tillegg er til dømes Jacobsen og Thorsvik (2019) nytta for å trekke inn perspektiv knytt til leiing av organisasjonar og endringsprosessar.
Hovudfunna tyder på at leiarane har hatt eit klart fokus på organisasjonskultur i samanslåingsprosessen. Ein har hatt eit bevisst forhold til utvikling og bruk av verdiar for organisasjonen, og bruk av artefakter som eit middel for å bygge organisasjonstilhøyrsle. Ein har også hatt eit tydeleg fokus på å byggje eit fellesskap i den nye organisasjonen, og ein har gjennomført ulike aktivitetar, samt som nemnd nytta verdiar og artefakter aktivt. Denne bruken har vore bevisst for å bidra til å byggje dette fellesskapet. Eit anna interessant funn er at leiarane har opplevd samanslåingsprosessen som krevjande, og at ein har opplevd å stå i eit krysspress mellom oppgåver knytt til å byggje ein ny organisasjon, og oppgåver knytt til å drifte organisasjonen.
Description
Masterstudium i organisasjon og leiing, helse- og velferdsleiing og utdanningsleiing,
Fakultet for økonomi og samfunnsvitenskap,
Institutt for samfunnsvitenskap