Eit studie av flyt i teikning
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3083477Utgivelsesdato
2023Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Institutt for kunstfag [301]
Sammendrag
I dette kunstfagdidaktiske FoU-arbeidet har eg undersøkt fenomenet
flyt i teikning i lys av forskingsspørsmålet: - Kva karakteriserer, og korleis
kjenneteiknast flyt i samband med teikning? Ved hjelp av ein kvalitativ
metode og med ei fenomenologisk-hermeneutisk tilnærming var målet
å freiste å finne samanhengar og koplingar som kunne gi auka forståing
kring flyt i teikning. Ved å undersøkje resultata i lys av estetisk teori, vart
funna gjort meir komplekse. Det tredde fram at Csikszentmihalyi (2003)
sin flyt-teori rører ved heile den skapande og kunstnariske aktiviteten,
der fenomenet flyt er ein del og ein konsekvens av denne. Undersøkinga
avdekka også, slik Næss (2005) snakkar om, at ved å vere til stades i nået,
og gleda over å vere oppslukt i ein aktivitet, er av verdi. Det vistes også
at teikning kan vere prosess og bilde, og at det skapast nye tankar og
handlingar gjennom dette, slik Højlund (2011) snakkar om. Også Røed
(2019) sine estetiske dydar som tek føre seg betydinga av å beherske eit
handverk, samt viktigheita av tilbaketrekking, gav klare perspektiv kring
fenomenet flyt i teikning. Eg har gjennom arbeidet med denne masteroppgåva
sett at samanhengane mellom flyt og teikning er essensielle for
den skapande prosessen og utøvinga. Dette har gitt meg eit vesentleg
bidrag til eiga utvikling som visuell kunstnar og kunstfagleg lærar. I tillegg
vistes det også at oppleving av flyt kan vere av grunnleggande verdi
for tilværet og livet
Beskrivelse
Master i kreative fag og læreprosessar,
Høgskulen på Vestlandet campus Stord