Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorEide, Malena
dc.date.accessioned2023-08-01T12:20:05Z
dc.date.available2023-08-01T12:20:05Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3082148
dc.descriptionIKT og digital læring Fakultet for lærarutdanning, kultur og idretten_US
dc.description.abstractSamfunnet er prega av store teknologiske endringar. Skulen må halde følge med den digitale utviklinga for å møta det framtidige kompetansebehovet. Skulen står for mykje av ansvaret for at elevane skal oppnå god digital dugleik. Det er skuleleiinga som skal sørgja for at lærarar har god nok kunnskap om digital teknologi til å vidareføre denne kunnskapen til elevane. Formålet med masteroppgåva har difor vore å svara på følgande problemstilling: «Korleis legg skuleleiing og lærarar til rette for bruk av digital teknologi i undervisning på mellomtrinnet?» For å kunna svara på problemstillinga har eg supplert med tre forskingsspørsmål som tar utgangspunkt i problemstillinga. Det er essensielt å vita kva moglegheiter vi har, for å ta i bruk digital teknologi i planlegging og undervisning. Teorigrunnlaget som er lagt til grunn er den sosiokulturelle læringsteorien med fokus på Vygotsky og konstruktivismen som Jean Piaget har utarbeida. Teori om fagleg inkludering i digitale klasserom er ein sentral del i denne masteroppgåva og tidlegare forsking på temaet er blitt nøye undersøkt. Forskinga bygger på kvalitative forskingsmetodar der observasjon og intervju har blitt gjennomført. Fokuset i studien er skuleleiinga og lærarane, derfor har intervjua blitt gjennomført med lærarar på mellomtrinnet og skuleleiinga. Dette er ein case studie som tar omfang rundt ein utvalt barneskule med få elevar og få ansatte. Totalt har fire lærarar og ein rektor frå same skule blitt intervjua i min studie. Det blei gjennomført nokre timar med observasjon for å finna ut kva ressursar dei har tilgang på, og korleis ressursane vert brukte i undervisning. Lærarane som var med i forskinga var alle einstemmige om at det vert brukt digitale verktøy kvar dag, og nesten kvar time. Det vart understreka kor avhengige me er av teknologien no og at alle elevane difor hadde eiga datamaskin. Lærarane trakk også fram det å kunna samskriva på dokument via teams til planlegging av undervisning og samarbeid. Andre digitale ressursar dei trakk fram var videosnuttar, digitale læringsunivers som Salaby og A-univers, Microsoft Word og Multi Smartøving. Oppgåva blir konkludert med at lærarane brukar mange digitale verktøy for å variera, planlegga og gjennomføra undervisning og at lærarane og skuleleiinga til stadigheit legg til rette for digital vidareutvikling.
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleDigital teknologi i grunnskulenen_US
dc.title.alternativeDigital Technology in elementary schoolen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMGBPP550en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal