Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSkarprud, Ingrid
dc.date.accessioned2023-06-27T08:50:38Z
dc.date.available2023-06-27T08:50:38Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3073383
dc.descriptionMaster i Kreative fag og læreprosesser Høgskolen på Vestlandet, campus Storden_US
dc.description.abstractI arbeid med kunst, kultur og kreativitet står det i rammeplanen at barna skal få estetiske erfaringar i ulike former, og det trekkast fram at barna skal få moglegheit til utforsking, fordjupning og progresjon (Rammplanen, 2017). I ein barnehagesetting vil det sei at dei tilsette skal legg til rette for at dette skal skje. I dette masterprosjektet undersøker eg korleis det kunstpedagogiske utviklingsarbeidet har vore med på å forme dei tilsette sin profesjonsfaglege identitet og rolle. Dei tilsette arbeider i ein barnehage som sidan 2005 har nytta seg av kunst som eit satsingsfelt. Kunsten er eit sentralt tema i prosjektarbeid, samt som eit pedagogisk verktøy i kvardagen. Fokuset på oppgåva er dei tilsette sine opplevingar der eg spør: Kva for erfaringar trekker dei tilsette fram som viktige for deira profesjonsfaglege identitet og rolle? I undersøkinga støttar eg meg til teori og forskingslitteratur som tar for seg barn sine møter med kunst, kunstformidling, kunstpedagogikk, improvisasjon og det fysiske miljøet si påverking. Her ser eg blant anna til Waterhouse, Skregelid, Fønnebøe, Illeris, Leirpoll, Biesta, Seland og Taguchi, samt kva som går føre seg i kunstformidling ved institusjonar som Arken Museet for Moderne Kunst og det nye Munchmuseet. For å sette arbeidet i ein samfunnskontekst har eg òg sett på korleis kulturrådet omtalar og prioriterer kunst for barn og unge. Masterarbeidet har ein hermeneutisk forskingsdesign, der eit hermeneutisk menneskesyn er styrande i undersøkinga av tilsette sine refleksjonar rundt det kunstpedagogiske utviklingsarbeidet. Som eit grunnlag for undersøkinga presenterer eg delar av barnehagen sitt syn på kunstarbeidet, der eg viser til eit prosjektarbeid, samt korleis ein nyttar seg av kunst i ein tilvenningsperiode. I intervjuet har eg vore interessert i å få fram korleis tilsette omtalar deira erfaringar med det kunstpedagogiske arbeidet, og kva dei trekk fram som viktige element som dei tar med seg i sitt profesjonsfaglege arbeid. I intervjuet er det fleire tema som kjem fram, der det fysiske miljøet særskilt skil seg ut. Informantane omtalar korleis tilrettelegging og openheit i det fysiske miljøet er med på å sikre barn si medverking og eiga evne til å følgje opp barn sine initiativ i kvardagen. Eit anna sentralt funn er korleis informantane nyttar seg av improvisasjon i kunstformidlinga, og at denne evna har vorte forsterka av det kunstpedagogiske arbeidet der ein fokuserer på prosessen og utviklar evna til å stå i det ukjente. Det ukjente i kunsten kjem òg fram i form av det den eine informanten omtalar som å ha mot. Informantane er einige om at det er ein kultur for å tore å utfordre seg sjølv i møte med kunsten, og at det i formidlinga av kunsten ligg ei erfaring av å klare å stå i prosessar der ein sjølv føler seg usikker.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleKunsten gjev meg mot til å vera til stades: Korleis tilsette ser si eiga pedagogiske utvikling gjennom kunstfagleg arbeid i barnehagenen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMACREL-OPGen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal