Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorRøskeland, Simon Kleppe
dc.date.accessioned2023-05-04T10:44:57Z
dc.date.available2023-05-04T10:44:57Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3066163
dc.descriptionMasteroppgave i kreative fag og læreprosessar, Høgskulen på Vestlandet, campus Bergenen_US
dc.description.abstractSamandrag Denne oppgåva baserer seg på eit kunstnarisk utviklingsarbeid der det har vorte skrive songtekstar til åtte musikalske førelegg. I arbeidet med desse songtekstane har prosessen vorte dokumentert ved hjelp av fleire refleksjonsnotat, som har blitt gjennomgått for å gje svar på ei vitskapleg problemstilling som omhandlar songtekstproduksjon. Denne studien tek sikte på å finna ut kva som kjenneteiknar songtekstproduksjon, samt å utforska utfordringane knytt til det at songteksten skal tilpassast musikken han skal verka saman med. I oppgåva vert musikk med tekst definert som eit multimodalt uttrykk, og teorikapittelet tek for seg ulike teoriar omkring multimodale tekstar. Eit gjennomgåande tema er å finna fram til songlyrikken sin eigenart, ved å sjå på likskapar og ulikskapar mellom songlyrikk og annan lyrikk, i samband med både produksjonen og mottakaropplevinga. Hovudproblemstillinga for prosjektet tek sikte på å finna ut kva som kjenneteiknar denne prosessen med å skriva musikk til åtte musikalske førelegg. Resultata av fortolkinga av refleksjonsnotat i lys av den teorien som allereie finst om dette emnet, viser at songtekstproduksjon har likskapstrekk med produksjon av annan lyrikk, men at han har ein tilleggsdimensjon, i og med at teksten må tilpassast musikken. Musikken er både utgangspunktet og inspirasjonen for songteksten, samstundes som musikken definerer rammene for teksten og lagar avgrensingar for syntaktiske einingar, kva ord som kan nyttast og kor mange stavingar og kva betoning orda kan ha. Det at songtekst er eit auditivt fenomen som vert opplevd som ei tidsavgrensa einig, og som kanskje berre vert opplevd éin gong, gjer at teksten må kunna oppfattast med det same han vert lytta til. Dette får konsekvensar for songtekstproduksjonen i form av at ordbruken ikkje bør strekkja seg lenger enn daglegdags diskurs, og at metaforbruken må vera lett å oppfatta. I tillegg inneber songtekstproduksjon ofte ei avveging mellom musikalske og språktekniske omsyn, sidan det som fungerer musikalsk ikkje nødvendigvis fungerer språkleg og vice versa. Momenta ovanfor peikar på ein mogleg konklusjon på kva som kjenneteiknar erfaringane i dette arbeidet med songtekstproduksjon, når musikken er laga på førehand.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectsangtekstproduksjonen_US
dc.subjectmusikken_US
dc.titleÅ finna orda til musikken: Ein autoetnografisk studie av songtekstproduksjonen_US
dc.title.alternativeFinding the words to the music: An autoethnographic study on the production of song lyrics.en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMACREL-OPGen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal