Ei kjensle av å bli sett og høyrd. Pårørande sine erfaringar med oppfølging og samarbeid med ambulant alderspsykiatrisk team
Peer reviewed, Journal article
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3064465Utgivelsesdato
2023Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Import fra CRIStin [3650]
- Institutt for helse- og omsorgsvitskap [2865]
- Institutt for velferd og deltaking [1070]
Originalversjon
Nordisk välfärdsforskning | Nordic Welfare Research. 2023, 8 (1), 21-33. 10.18261/nwr.8.1.3Sammendrag
Det er behov for kunnskap om samarbeid med pårørande til menneske med demens. Hensikta med studien var å undersøke korleis pårørande til personar med åtferdsmessige og psykologiske symptom ved demens (APSD) erfarer oppfølging og samarbeid med eit ambulant alderspsykiatrisk team. Teamet si målgruppe er menneske med alderspsykiatriske lidingar og demens som har alvorlege tilleggssymptom og åtferdsproblem. Studien har eit kvalitativt design med intervju av sju pårørande som har fått tilbod frå teamet. Funna viser at informantane opplever å vere i kontinuerleg beredskap. Dette var relatert til utfordrande åtferd, stor omsorgsbyrde og koordinering av tenester og avtalar i eit komplekst helsevesen. Informantane beskriv ein krevjande kvardag som over tid vert ei psykisk påkjenning med lite tid til å ta vare på seg sjølv. Funna syner at informantane er nøgde med oppfølging og samarbeid med ambulant team. Informantane erfarte at teamet fekk betre innsikt når dei jobba oppsøkande. Under heimebesøk får teamet sett seg godt inn i historia til pasienten, og informantane opplevde å endeleg bli høyrd. Det var ei lette for informantane at pasienten har fått stadfesta ei diagnose, som var viktig for vidare tenester og behandling. Det er behov for vidare forsking på samarbeidet mellom pårørande og omsorgstenestene, for å utvikle metodar som involverer pårørande.