Podkast som undervisingsform: språkhistorisk aktørskap i møte med nynorsk
Peer reviewed, Journal article
Published version
Date
2022Metadata
Show full item recordCollections
Abstract
Språkhistorieundervising er sentral for å gjere studentar medvitne
om toskriftspråkssituasjonen i Noreg, det historiske opphavet til han, og kva som
kjenneteiknar han i dag. Denne artikkelen syner korleis ein kan nytte podkast som
undervisingsform for å formidle nynorsk gjennom norsk språkhistorie på ein måte
som let elevar og studentar bli aktørar i den historiske og samtidige språksituasjonen. Datamaterialet er sju podkastepisodar produserte av grunnskulelærarstudentar ved Høgskulen på Vestlandet. Me spør korleis studentane trekkjer på eigne
røynsler som språkbrukarar i formidling av norsk språkhistorie. Analysen syner at
studentane tek ei aktørrolle og får eit styrkt medvit om samanhengen mellom historiske hendingar og den norske språkstoda i dag. Me argumenterer for at dette medvitet er viktig i formidlinga av nynorsk fordi det gjev studentane forståing for den
norske språksosiologiske stoda. Med utgangspunkt i empirien og didaktisk forsking
føreslår me avsluttingsvis korleis læraren kan knyte band til språksosiologiske tema
i ein heilklassesamtale.
Nøkkelord: språkhistorie, historiemedvit, didaktikk, minoriserte språk,
klasseromssamtale
Keywords: history of language, historical awareness, didactics, minoritised
languages, classroom conversation