Kvalitet i samspelet mellom barn og personale i norske barnehagar
Peer reviewed, Journal article
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3058815Utgivelsesdato
2022Metadata
Vis full innførselSamlinger
Originalversjon
Nordisk Barnehageforskning. 2022, 19 (3), 97-115. https://doi.org/10.23865/nbf.v19.321Sammendrag
I artikkelen undersøker vi kva former for samspelskvalitet som kjem til syne hjå personalet i norske barnehagar observert med ECERS-R. Studien baserer seg på observasjonar frå 29 barnehageavdelingar der det standardiserte observasjonverktøyet Early Childhood Education Rating Scale – Revised (ECERS-R) vart nytta. Observasjonane vart gjennomførte tre timar på føremiddagen og avslutta med samtale med barnehagelærar på kvar av avdelingane. Funna viser at personalet vektlegg eit samspel med barna som er prega av varme, omsorg, tryggleik, barns medverknad, barns fridom i leik og kommunikasjon i kvardagssamtalar. Samstundes viser studien at personalet i mindre grad ser ut til å vektlegge utforskande, resonnerande og filosoferande samspel.