Show simple item record

dc.contributor.authorBergum, Torbjørn Løken
dc.date.accessioned2023-02-24T10:23:39Z
dc.date.available2023-02-24T10:23:39Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3053813
dc.descriptionMasteroppgave i fysisk aktivitet og kosthold i et skolemiljø, Høgskulen på Vestlandeten_US
dc.description.abstractBakgrunn: Då det er gjort nokre studiar på samarbeid og elevmedverknad i kroppsøving, er det få som har sett på kva vidaregåande elevar rapporterer om samarbeid og elevmedverknad i kroppsøving. Studiar viser at det er elevforskjellar i kroppsøving, og studiar indikerer at grad av idrettsaktivitet kan være ein årsak til elevforskjellar i kroppsøving. Tidlegare forsking viser at det er forskjellar mellom idrettsaktive og ikkje-idrettsaktive elevar i kroppsøving. Kva idrettsaktive elevar og ikkje-idrettsaktive elevar rapporterer om elevmedverknad og samarbeid er det forska lite på. Hensikt: Formålet med studien var å undersøke skuleelevars erfaringar med samarbeid og elevmedverknad i kroppsøving. Meir spesifikt var målet å undersøke om det er forskjellar mellom kjønn i rapportering av samarbeid og elevmedverknad, og om det er forskjell mellom idrettsaktive og ikkje-idrettsaktive elevar i rapportering av samarbeid og elevmedverknad. Problemstilling: Er det forskjellar mellom gutar og jenter på Vg2 i rapportering av samarbeid og elevmedverknad i kroppsøving? Er det forskjellar mellom idrettsaktive og ikkje-idrettsaktive elevar på Vg2 i rapportering av samarbeid og elevmedverknad i kroppsøving? Metode: For å svar på problemstillinga vart eit spørjeskjema nytta som metode. Utvalet bestod av 73 elevar (39 gutar og 34 jenter) frå 2. trinn ved to vidaregåande skular som deltok i spørjeundersøkinga. Spørjeskjemaet innehaldt spørsmål om variablar som bakgrunnsinformasjon, samarbeid i kroppsøving, fysisk aktivitet, innhald i kroppsøvingstimane og elevmedverknad. Spørjeskjemaet låg open for svar i tre veker før det vart stengt. Det innsamla datamaterialet vart analysert ved hjelp av programvara SPSS, verson 28. Resultat: Kji-kvadrattest viste signifikant skilnad mellom kjønn og aktivitetar som kan fremje til samarbeid (𝑥^2= 14, 207, p = 0,018). Spørsmål om i kva slags aktivitet elevane opplever mest samarbeid i, viste tendensar til forskjellar mellom kjønn, og mellom idrettsaktive og ikkje-idrettsaktive elevar. Kji-kvadrattest viste signifikant skilnad mellom kjønn og aktivitetar elevar ønskja å planleggje eller gjennomføre (𝑥^2 = 21,695, p < 0,001), og signifikant skilnad mellom kjønn og om læraren høyrer på elevanes ønskjer til aktivitetar (𝑥^2 = 9,001, p = 0,038). Det var ingen signifikant skilnad mellom kjønn og vurdering i kroppsøving. Det var ingen signifikant skilnad mellom idrettsaktive elevar og ikkje-idrettsaktive elevar for aktivitetar elevar ønskja å planleggje eller gjennomføre. Konklusjon: Studien viste at det var signifikante forskjellar mellom kjønn og aktivitetar som kan fremje samarbeid, og at det var signifikante forskjellar mellom kjønn og aktivitetar elevane ønskjer å planleggje eller gjennomføre. Studien viste ingen signifikante skilnader mellom idrettsaktive elevar og ikkje-idrettsaktive elevar for verken samarbeid eller elevmedverknad, noko som er forskjellig frå tidlegare forsking om idrettsaktiviteten_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectkroppsøvingen_US
dc.subjectelevmedverknaden_US
dc.subjectVg2en_US
dc.titleSamarbeid og elevmedverknad i kroppsøving: Ein undersøking blant vg2 elevaren_US
dc.title.alternativeCooperation and students involvement in PE: A study among second year high school studentsen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMFAKS514en_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Except where otherwise noted, this item's license is described as Navngivelse 4.0 Internasjonal