Samarbeid og elevmedverknad i kroppsøving: Ein undersøking blant vg2 elevar
Master thesis
Åpne
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3053813Utgivelsesdato
2022Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn: Då det er gjort nokre studiar på samarbeid og elevmedverknad i kroppsøving, er det få som har sett på kva vidaregåande elevar rapporterer om samarbeid og elevmedverknad i kroppsøving. Studiar viser at det er elevforskjellar i kroppsøving, og studiar indikerer at grad av idrettsaktivitet kan være ein årsak til elevforskjellar i kroppsøving. Tidlegare forsking viser at det er forskjellar mellom idrettsaktive og ikkje-idrettsaktive elevar i kroppsøving. Kva idrettsaktive elevar og ikkje-idrettsaktive elevar rapporterer om elevmedverknad og samarbeid er det forska lite på.
Hensikt: Formålet med studien var å undersøke skuleelevars erfaringar med samarbeid og elevmedverknad i kroppsøving. Meir spesifikt var målet å undersøke om det er forskjellar mellom kjønn i rapportering av samarbeid og elevmedverknad, og om det er forskjell mellom idrettsaktive og ikkje-idrettsaktive elevar i rapportering av samarbeid og elevmedverknad.
Problemstilling: Er det forskjellar mellom gutar og jenter på Vg2 i rapportering av samarbeid og elevmedverknad i kroppsøving? Er det forskjellar mellom idrettsaktive og ikkje-idrettsaktive elevar på Vg2 i rapportering av samarbeid og elevmedverknad i kroppsøving?
Metode: For å svar på problemstillinga vart eit spørjeskjema nytta som metode. Utvalet bestod av 73 elevar (39 gutar og 34 jenter) frå 2. trinn ved to vidaregåande skular som deltok i spørjeundersøkinga. Spørjeskjemaet innehaldt spørsmål om variablar som bakgrunnsinformasjon, samarbeid i kroppsøving, fysisk aktivitet, innhald i kroppsøvingstimane og elevmedverknad. Spørjeskjemaet låg open for svar i tre veker før det vart stengt. Det innsamla datamaterialet vart analysert ved hjelp av programvara SPSS, verson 28.
Resultat: Kji-kvadrattest viste signifikant skilnad mellom kjønn og aktivitetar som kan fremje til samarbeid (𝑥^2= 14, 207, p = 0,018). Spørsmål om i kva slags aktivitet elevane opplever mest samarbeid i, viste tendensar til forskjellar mellom kjønn, og mellom idrettsaktive og ikkje-idrettsaktive elevar.
Kji-kvadrattest viste signifikant skilnad mellom kjønn og aktivitetar elevar ønskja å planleggje eller gjennomføre (𝑥^2 = 21,695, p < 0,001), og signifikant skilnad mellom kjønn og om læraren høyrer på elevanes ønskjer til aktivitetar (𝑥^2 = 9,001, p = 0,038). Det var ingen signifikant skilnad mellom kjønn og vurdering i kroppsøving. Det var ingen signifikant skilnad mellom idrettsaktive elevar og ikkje-idrettsaktive elevar for aktivitetar elevar ønskja å planleggje eller gjennomføre.
Konklusjon: Studien viste at det var signifikante forskjellar mellom kjønn og aktivitetar som kan fremje samarbeid, og at det var signifikante forskjellar mellom kjønn og aktivitetar elevane ønskjer å planleggje eller gjennomføre. Studien viste ingen signifikante skilnader mellom idrettsaktive elevar og ikkje-idrettsaktive elevar for verken samarbeid eller elevmedverknad, noko som er forskjellig frå tidlegare forsking om idrettsaktivitet
Beskrivelse
Masteroppgave i fysisk aktivitet og kosthold i et skolemiljø, Høgskulen på Vestlandet