«Ein god kroppsøvingslærar skal evne å skapa meiningsfull aktivitet.» Eit kvalitativt studie av fira kroppsøvingslærarar sine oppfatningar av LK20 og endringar kring deira undervisningspraksis
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3023429Utgivelsesdato
2022Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne masteroppgåva har som hensikt å sjå nærare på korleis kroppsøvingsfaget i LK20 har vorte oppfatta av kroppsøvingslærarar etter innføringa av den hausten 2020.Den ønsker òg å sjå om den har ført til endringar i undervisningspraksisen i kroppsøvingsfaget. Det er nytta kvalitativ forsking ved å gjennomføra fira semistrukturert intervju av fira kroppsøvingslærarar ved same skule, for innsamlinga av relevant datamateriale. Dette datamaterialet er analysert i lys av eit teoretisk grunnlag som har som føremål å gjer eit forsøk på å svara på problemstillinga: Korleis er den nye læreplanen (LK20) i kroppsøving oppfatta av kroppsøvingslærarar, og har den ført til noko endring i deira undervisningspraksis? Det teoretiske grunnlaget tek utgangspunkt i kroppsøvingsfaget sin eigenart og dei tre diskursane helse-, danning- og idrettsdiskursen som har vorte nytta i legitimeringa av faget. Goodlad (1979) sin teori om læreplanpraksis vil òg vera med å danna det teorietiske grunnlaget. Funna i denne masteroppgåva viser at lærarane har ei positiv innstilling til LK20 og retninga den vil dra kroppsøvingsfaget i, men den har ikkje ført til endring i undervisningspraksisen hos alle lærarane. Det vert nemnt av lærarane at livslang rørsleglede står sentralt i den nye læreplanen og at ein ønsker å nytta naturen og andre arenaar meir i undervisninga. Alle lærarane som er intervjua viser gjennom sine svar at dei til dels har oppfatta endringane og retninga for kroppsøvingsfaget i LK20. Funna viser at det fortsatt er lærarar som undervis med ei vektlegging av ein helse- og idrettsdiskurs, noko LK20 prøvar å arbeide mot. Lærarane som er intervjua kan delast i to ut i frå deira tilnærminga til korleis dei legitimerer undervisninga. To av dei undervis med ei vektlegging i dei to nemnte diskursane helse og idrett, medan dei to siste vektlegg danningsdiskursen. Kroppsøvingsfaget har eit ønske om å danna elevar med eit mål om å vera fysisk aktiv resten av livet (Utdanningsdirektoratet, 2019c). Dei to lærarane som undervis med eit større vektlegging av danningsdiskursen, har i større grad oppfatta essensen i LK20 (Utdanningsdirektoratet, 2019a). Funna viser vidare at lærarane ikkje føler dei har fått abeida nok med kroppsøvingsfaget i LK20, og at dette kan vera noko av grunnen til lite endring i undervisningspraksisen hos nokre av lærarane.
Beskrivelse
Lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for 1-13 - Kroppsøving
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI)
16.05.2022