Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorDjupedal, Aslak Rockwell
dc.date.accessioned2022-10-03T08:36:15Z
dc.date.available2022-10-03T08:36:15Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3023233
dc.descriptionMaster i læring og undervisning m/ fordjuping i Kroppsøving, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfagen_US
dc.description.abstractMålsetjing: Leirskule er ei veke mange kjenner frå barneskulen, men det er eit område som er lite forska på. Fagfornyinga bind overordna del og fagplan saman i nokre tverrfaglege tema, der «livsmeistring» dreier seg om å kunne forstå og å kunne påverke faktorar som har betyding for meistring av eige liv. Folkehelse og livsmeistring er også forankra i formålsparagrafen der det står at elevane skal utvikle kunnskap, ferdigheiter, og haldningar for å kunne meistre liva sine og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet (Kunnskapsdepartementet, 2016, s.39). Oppgåva si problemstilling vart difor: Korleis opplever leirskulelærarane leirskulen som læringsarena for livsmeistring? Metode: For å finne svaret på problemstillinga har eg nytta kvalitativ metode med intervju av fire leirskulelærarar som jobbar på ulike leirskular. Intervjua vart gjort over Zoom og bestod av mannlege og kvinnelege lærarar som har arbeidd i leirskulen i 1-33 år. Oppgåva er hermeneutisk vinkla, der eg som forskar har tolka og analysert lærarane si livsverd på leirskulen. Leirskulelærarane sine refleksjonar vil og vere tolkingar dei har gjort ut i frå sine erfaringar med elevar på leirskulen. Teori: Som teoretisk perspektiv blei det sosiokulturelle perspektiv på læring og utvikling valt. Lev Vygotskij hevda at sosial samhandling var sjølve utgangspunktet for læring og utvikling. Dette inneber også at sosial aktivitet ligg til grunn for danning av individ (Dysthe & Igland, 2001, s. 73). Nonaka og Takeuchi (i Bråten, 2011) sin teori om kunnskapsutvikling, ser på prosessar og vilkår som er sentrale ved utvikling av ny kunnskap i ein organisasjon. Teorien delar kunnskap i to hovuddelar, taus og eksplisitt kunnskap. Eksplisitt kunnskap blir sett på som universell og tilgjengeleg for alle. Taus kunnskap er personleg og kontekstuell. Oppgåva til leirskulelærarar er gjennom denne teorien å forstå og bruke innhaldet i fagfornyinga i si undervisning, for å gjere kunnskap kjend for kollegaer. Resultat: Eg undersøker kva lærarar ser på som viktige faktorar i arbeidet med livsmeistring. Korleis samarbeidet innan i organisasjonen fungerer er då av betyding, spesielt når nye planar og endringar skal implementerast inn i organisasjonen. Funna viser at lærarane har ulike forståing av omgrepet, fleire lærarar opplev at livsmeistring er noko dei arbeidar med heile vegen utan å vere direkte medvitne om det og nokre lærarar tok utgangspunkt i fagfornyinga og omgrepet livsmeistring, medan nokre fortsatte som før og legg livsmeistring inn i eksisterande opplegg. informantane meiner livsmeistring handlar om å takle alle livets situasjonar på ein god måte, dette omfattar både fysisk, psykisk og sosialt. I det daglege arbeidet trakk lærarane frem at dei la mest vekt på at alle elevane skulle oppleve meistring. Livsmeistring som nytt tverrfagleg tema var alle informantane positive til, dei trakk fram mest fordeler. Informantane var opptatt av temaet hadde som hensikt å verke førebyggjande.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleLeirskulen som læringsarena for livsmeistring – leirskulelærarar si opplevingen_US
dc.title.alternativeSchool camp as a learning environment for life skills - Norwegian teachers´ experiencesen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMAS3-307en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal