dc.description.abstract | Denne oppgåva handlar om likestillingsarbeid i barnehagen. Dette er eit tema som er viktig for alle barn, både som individ, i gruppe og i samfunnet. Dei aller fleste barn går i barnehage og det vil vere naturleg å begynne å arbeide med det der, om ikkje før. I 2013 gikk heile 90 % av barna frå 1-5 år i barnehage, gjennomsnittlig 41 timer i veka (Statistisk sentralbyrå,2013).
Barnehagen pliktar å arbeide med likestilling i frå ulike hold –gjennom barnehagelova, rammeplanen og det er i tillegg til eit eige temahefte «Likestilling i det pedagogiske arbeidet i barnehagen» som skal vere eit utgangspunkt i barnehagens arbeid (Rossholt, 2006). Barnehagelova er tydelig på at dette er eit viktig område å jobbe med. «Barnehagen skal fremme(…) og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering» (Barnehagelova, 2006).
Eg ville sjå på kva rolle ein pedagogisk leiar har i forhold til likestillingsarbeid og om barn får like muligheiter uavhengig av kjønn i barnehagen. Pedagogiske leiarar og styrarar skal gå framfor som gode rollemodellar på dette feltet ovanfor øvrige tilsette, barn og foreldre. Problemstillinga er derfor «Korleis arbeidar pedagogisk leiar med likestilling i barnehagen»?
For å finne svara på dette, intervjua eg pedagogiske leiarar og observerte i måltidssituasjon for å sjå kva kjønn som får mest merksemd i barnehagen. Det er forskjelleg teori om dette og eg har tatt med det som eg syns var mest relevant for mi problemstilling. | nb_NO |