Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorMidlang, Rebekka
dc.date.accessioned2022-09-28T07:32:04Z
dc.date.available2022-09-28T07:32:04Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3022020
dc.descriptionGrunnskulelærarutdanning 5-10 Kroppsøving Fakultet for lærarutdanning, kultur og idretten_US
dc.description.abstractDenne studien har hatt som formål å gjere greie for problemstillinga: Kva for opplevingar og refleksjonar har eit utval nyutdanna kroppsøvingslærarar om skulekultur og vurderingspraksis i faget på sin skule? Vidare har eg utarbeida to forskningsspørsmål for å belyse problemstillinga. Bakgrunnen for studien er lite forskning på nyutdanna kroppsøvingslærarar knytta til vurderingspraksis og skulekultur. Dei nyutdanna vil møte stadig endrande og varierande vurderingspraksisar i skulen, samtidig som dei har avgrensa erfaring frå praksisfeltet og skal etablere seg på ein ny arbeidsplass. Studien er basert på fire kvalitative semistrukturerte intervju av informantar, som er utdanna grunnskulelærarar 5-10 med kroppsøving som undervisningsfag. Dei nyutdanna lærarane har jobba mellom 1-3 år på forskjellige ungdomsskular. Tematisk analyse har blitt brukt i oppgåva, og i analyseprosessen blei det utarbeida fire hovudkategoriar. Resultata viser at dei nyutdanna kroppsøvingslærarane, innanfor skulekulturen, har forskjellige opplevingar til korleis dei etablerer seg i fellesskapet og kven dei føler at dei kan stille spørsmål til. Skulemiljøet påverkar og dei nyutdanna sine opplevingar og refleksjonar til samarbeidet på skulen. Dei nyutdanna i studien opplever at mykje av ansvaret står på dei sjølv aleine, og etterlyser meir tid til samarbeid og oppfølging. I resultata kjem det fram at dei nyutdanna har fleire refleksjonar knytt til vurderingspraksisen i kroppsøvingsfaget. Dei opplever vurderinga som lite konkret, og saknar tydelegare vurderingskriterium i faget. Det profesjonelle skjønn blir sett på som ein sentral faktor for eigen vurderingspraksis. I tillegg har fleire av dei nyutdanna gjennomgåande lite kjennskap til dei andre kroppsøvingslærarane sin vurderingspraksis på skulen.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectNyutdannaen_US
dc.subjectkroppsøvingslærararen_US
dc.subjectskulekulturen_US
dc.subjectvurderingspraksisen_US
dc.title« Det var sett opp eit møte... men så treffer verkelegheita deg som ein knyttneve i tryne, og du innser at det ikkje er nok tid til dette her.»: Ein studie av nyutdanna kroppsøvingslærarar sine opplevingar og refleksjonar om vurderingspraksis og skulekultur.en_US
dc.title.alternativeA study of newly qualified physical education teachers' experiences and reflections on assessment practice and school culture.en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMGUKØ550en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal