« Det var sett opp eit møte... men så treffer verkelegheita deg som ein knyttneve i tryne, og du innser at det ikkje er nok tid til dette her.»: Ein studie av nyutdanna kroppsøvingslærarar sine opplevingar og refleksjonar om vurderingspraksis og skulekultur.
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3022020Utgivelsesdato
2022Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne studien har hatt som formål å gjere greie for problemstillinga: Kva for opplevingar og refleksjonar har eit utval nyutdanna kroppsøvingslærarar om skulekultur og vurderingspraksis i faget på sin skule? Vidare har eg utarbeida to forskningsspørsmål for å belyse problemstillinga. Bakgrunnen for studien er lite forskning på nyutdanna kroppsøvingslærarar knytta til vurderingspraksis og skulekultur. Dei nyutdanna vil møte stadig endrande og varierande vurderingspraksisar i skulen, samtidig som dei har avgrensa erfaring frå praksisfeltet og skal etablere seg på ein ny arbeidsplass.
Studien er basert på fire kvalitative semistrukturerte intervju av informantar, som er utdanna grunnskulelærarar 5-10 med kroppsøving som undervisningsfag. Dei nyutdanna lærarane har jobba mellom 1-3 år på forskjellige ungdomsskular. Tematisk analyse har blitt brukt i oppgåva, og i analyseprosessen blei det utarbeida fire hovudkategoriar. Resultata viser at dei nyutdanna kroppsøvingslærarane, innanfor skulekulturen, har forskjellige opplevingar til korleis dei etablerer seg i fellesskapet og kven dei føler at dei kan stille spørsmål til. Skulemiljøet påverkar og dei nyutdanna sine opplevingar og refleksjonar til samarbeidet på skulen. Dei nyutdanna i studien opplever at mykje av ansvaret står på dei sjølv aleine, og etterlyser meir tid til samarbeid og oppfølging. I resultata kjem det fram at dei nyutdanna har fleire refleksjonar knytt til vurderingspraksisen i kroppsøvingsfaget. Dei opplever vurderinga som lite konkret, og saknar tydelegare vurderingskriterium i faget. Det profesjonelle skjønn blir sett på som ein sentral faktor for eigen vurderingspraksis. I tillegg har fleire av dei nyutdanna gjennomgåande lite kjennskap til dei andre kroppsøvingslærarane sin vurderingspraksis på skulen.
Beskrivelse
Grunnskulelærarutdanning 5-10 Kroppsøving
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett