Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHylland, Jonas Ure
dc.date.accessioned2022-09-28T06:55:05Z
dc.date.available2022-09-28T06:55:05Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3021995
dc.descriptionMaster i barne- og ungdomslitteratur Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolkingen_US
dc.description.abstractDenne masteroppgåva undersøkjer korleis tre didaktiske forteljingar kan opne opp for erfaring av livsmeistring. Forteljingane Toget: En historie om ensomhet, Den røde ryggsekken: En historie om angst, depresjon og selvmord og Villdyret: En historie om de vanskelige barna er ein del av bokserien Livsmestring som vart utgitt av Fagbokforlaget i 2018. Bokserien blir presentert som ein ressurs i skulen sitt arbeid med det tverrfaglege temaet Folkehelse og livsmestring, som vart introdusert saman med Kunnskapsløftet 2020. Omgrepet livsmeistring blir i denne oppgåva kopla til læreplanen sin definisjon. Når eg undersøkjer korleis bøkene kan opne opp for erfaring gjer eg det med utgangspunkt i blant andre Hans-Georg Gadamer og John Dewey sine syn på estetisk erfaring. Ved hjelp av litterær analyse, analyserer eg korleis det estetiske i dei tre utvalte bøkene er med på å framstille livsmeistring. Eg avgrensar meg til å analysere følgjande fem estetiske verkemiddel: forteljar, fokalisering, perspektiv, tid, stil og språk. Med utgangspunkt i forteljingane sitt didaktiske føremål ynskjer eg òg å inkludere det etiske ved tekstane i oppgåva. Det handlar om at eg drøftar korleis bøkene kan fremje etisk refleksjon. Funn frå analysane viser korleis forteljingane, ved hjelp av dei estetiske verkemidla, viser oss karakterane si livsmeistring. Der fleire verkemiddel verkar saman, og i eit samspel gjev dei lesaren eit inntrykk av korleis hovudpersonane sine vanskar kjennast ut. Gjennom språklege bilete og vendingar kan forteljingane vere med å tilby lesaren eit språkregister for det som er vanskeleg. Me ser òg korleis verkemiddel, som forteljar- og fokaliseringsinstansen, utfordrar lesaren til å aktivere tidlegare erfaringar for å kunne forstå karakterane. Illustrasjonane verkar ulikt i dei tre forteljingane. Der dei i Den røde ryggsekken framstiller karakteren sitt ytre og indre, gjev dei i Toget og Villdyret berre tilgang på karakterane sitt ytre. Her verkar samspelet mellom tekst, illustrasjon og lesar inn for å skape ei forståing for personane i forteljingane.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.title«Litteratur og livsmestring: Ein studie av det estetiske, etiske og didaktiske i tre skjønnlitterære bøker»en_US
dc.title.alternative«Literature and life mastery: A study of the aesthetic, ethical and didactic in three fiction books»en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMBUL550en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal