«Litteratur og livsmestring: Ein studie av det estetiske, etiske og didaktiske i tre skjønnlitterære bøker»
Abstract
Denne masteroppgåva undersøkjer korleis tre didaktiske forteljingar kan opne opp for erfaring av livsmeistring. Forteljingane Toget: En historie om ensomhet, Den røde ryggsekken: En historie om angst, depresjon og selvmord og Villdyret: En historie om de vanskelige barna er ein del av bokserien Livsmestring som vart utgitt av Fagbokforlaget i 2018. Bokserien blir presentert som ein ressurs i skulen sitt arbeid med det tverrfaglege temaet Folkehelse og livsmestring, som vart introdusert saman med Kunnskapsløftet 2020.
Omgrepet livsmeistring blir i denne oppgåva kopla til læreplanen sin definisjon. Når eg undersøkjer korleis bøkene kan opne opp for erfaring gjer eg det med utgangspunkt i blant andre Hans-Georg Gadamer og John Dewey sine syn på estetisk erfaring. Ved hjelp av litterær analyse, analyserer eg korleis det estetiske i dei tre utvalte bøkene er med på å framstille livsmeistring. Eg avgrensar meg til å analysere følgjande fem estetiske verkemiddel: forteljar, fokalisering, perspektiv, tid, stil og språk. Med utgangspunkt i forteljingane sitt didaktiske føremål ynskjer eg òg å inkludere det etiske ved tekstane i oppgåva. Det handlar om at eg drøftar korleis bøkene kan fremje etisk refleksjon.
Funn frå analysane viser korleis forteljingane, ved hjelp av dei estetiske verkemidla, viser oss karakterane si livsmeistring. Der fleire verkemiddel verkar saman, og i eit samspel gjev dei lesaren eit inntrykk av korleis hovudpersonane sine vanskar kjennast ut. Gjennom språklege bilete og vendingar kan forteljingane vere med å tilby lesaren eit språkregister for det som er vanskeleg. Me ser òg korleis verkemiddel, som forteljar- og fokaliseringsinstansen, utfordrar lesaren til å aktivere tidlegare erfaringar for å kunne forstå karakterane. Illustrasjonane verkar ulikt i dei tre forteljingane. Der dei i Den røde ryggsekken framstiller karakteren sitt ytre og indre, gjev dei i Toget og Villdyret berre tilgang på karakterane sitt ytre. Her verkar samspelet mellom tekst, illustrasjon og lesar inn for å skape ei forståing for personane i forteljingane.
Description
Master i barne- og ungdomslitteratur
Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking