Mellom rom og romleg forståing: Utforsking av VG1-elevar si romelege forståing av verda gjennom kart og munnleg samtale
Abstract
Der er mange måtar å forstå verda på, og sidan 2006 har det vore eit mål i den norske læreplanen å gjere elevane i stand til å forstå, og diskutere kompliserte maktrelasjonar i verda både i dag og historisk. Sjølv om desse verktøya inneheld kritisk tenking, påverkar samfunnet kva diskursar elevane blir ein del av, og moglegvis tek med seg. Denne masteroppgåva undersøkjer difor spørsmålet: korleis forstår eit utval vg1-elevar verda romleg med fokus på dei viktigaste historiske, politiske og kulturelle stadene i verda, og korleis forstår dei Noreg si rolle på den globale arenaen? For å kome nærmare romleg forståing, og Noreg si rolle i det, er der gjort eit casestudie med frihandsteikning av verdskart med 25 vidaregåandeelevar, derav to grupper på til saman 7 informantar som også var med på fokusgruppeintervju. Dei gjekk alle på same skule i Troms- og-Finnmarksregionen i Noreg. Frihandsteikningane resulterte i 20 av 25 teikningar med tydelege samsvar med eurosentriske verdskart frå 15-19-hundretalet. Ein vesentleg grad av tilfella var mangelfullt detaljert i Sør-Amerika, Afrika og Oseania. Fokusgruppeintervjua viste ei førestilling om Noreg som eit land med plikt til å hjelpe og medverke til utvikling, og med eit glad, smårikt og kunnskapsrikt folk. Sett romleg forståing og Noreg si rolle på den internasjonale arenaen saman, blir det konkludert med at informantane i dette casestudiet ser på Noreg som eit av dei viktige landa i verda. Dei ser på landet sitt som «ein av dei gode», sjølv om dei seier dei ikkje har forventingar til at andre nasjonar kan om historia deira, eller følgjer Noreg i politiske avgjerder.
Description
Master i grunnskulelærar 5-10.klasse, med samfunnsfag (MGUSA 550) FLKI/Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag/Samfunnsfag