Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHorpen, Hilde
dc.date.accessioned2022-09-20T10:39:59Z
dc.date.available2022-09-20T10:39:59Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3019097
dc.descriptionMaster i samfunnsfagdidaktikk, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfagen_US
dc.description.abstractMange små skular har blitt lagt ned dei siste åra. Mange lokalsamfunn har allereie mista, eller står i fare for å miste, den lokale skulen. Dette kan ha konsekvensar for lokalsamfunnet, særleg lokalsamfunn i distrikta. Debattar om skulenedlegging skapar ofte mykje debatt og kjensler, noko som kan vere eit teikn på at skulen er viktig for lokalsamfunna og menneska som bur der. Føremålet med denne studien har vore å sjå på kva tyding skulen har for lokalsamfunn i distriktet. Eg har sett på kva skulenedlegging kan ha å seie for eit lokalsamfunn og i kva grad eit lokalsamfunn kan bli råka ved ei skulenedlegging. Eg har også sett på kva som kan skje med eit lokalsamfunn der ein står i fare for å miste den lokale skulen. Gjennom å snakke med eit utval av innbyggjarar i to lokalsamfunn, det eine der skulen er lagt ned, det andre der skulen risikerer å bli lagt ned, har eg fått innsikt i kva skulen tyder for lokalsamfunna i distriktet. Problemstillinga har vore: Kva tyder lokalsamfunnet for folk, og kva oppfatningar har dei av skulen si rolle i lokalsamfunnet? Gjennom intervjua danna eg meg tre tema som vert overordna i denne oppgåva: 1. lokalsamfunn, 2. skulen si rolle for lokalsamfunnet, 3. attraktivitet. Skulen si hovudoppgåve er naturlegvis opplæringa i tråd med opplæringslov, læreplanar og skulen sitt mandat. Fokuset i denne oppgåva er kva skulen si tyding er for lokalsamfunna. Eg har fokusert på lokalsamfunn i distrikta, der skulen gjerne fungerer som forsamlingshus og møteplass, med alle aktivitetar og arrangement som føregår i ei bygd. Resultata i oppgåva viser at omgrepet lokalsamfunn er samansett og komplekst. Informantane hadde ulike oppfatningar og ulike tolkingar av kva omgrepet tyder. Oppfatninga etter intervjua er at skulen spelar ei viktig rolle i lokalsamfunnet, og at skulen er viktig for lokalsamfunnet. Resultata syner at skulen er viktig for attraktiviteten til lokalsamfunnet og bygda, men informantane har ulike syn på i kva grad skulen påverkar attraktiviteten, særleg med tanke på skulen sin storleik. Samanhengen mellom skulen sin storleik og kvaliteten i opplæringa er noko eg ser nærmare på i denne oppgåva.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleGrunnskulen si tyding for lokalsamfunnaen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMGUSA550en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal