Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorFjæra, Marie Solheim
dc.date.accessioned2022-09-16T07:35:55Z
dc.date.available2022-09-16T07:35:55Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3018295
dc.descriptionMasterfag i spesialpedagogikk, GLU 1-7, MGBSP550 Masteroppgåve Vestlandsklasse, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, Høgskulen på Vestlandeten_US
dc.description.abstractDenne kvalitative studien omhandlar lærarar sine erfaringar med tidleg innsats og korleis dei arbeider med å identifisera og kartlegga elevar i risiko for å utvikla lese- og skrivevanskar på 1.–4. trinn. Datainnsamlingsmetoden for denne studien består av semistrukturerte intervju med fire grunnskulelærarar med relevant erfaring innanfor tidleg innsats, byrjaropplæring i lesing og identifisering og kartlegging av elevar i risiko for å utvikla lese- og skrivevanskar. Det teoretiske grunnlaget baserer seg i hovudsak på tidlegare forsking gjennom ein litteraturgjennomgang, relevante utdanningspolitiske dokument og didaktisk teori. Funna i denne studien tydar på at den tidlege innsatsen har vert gjennom ei endring dei siste åra. Dette kjem fram av at føringane for den tidlege innsatsen har vorte noko betre, samt at ein sett i gong tidleg innsats tidlegare enn før. Funna i studien syner at arbeidet med tidleg innsats vert organisert og gjennomført på ulike måtar på tvers av skulane og kommunane. Studien syner òg at skulen og kommunane sine samarbeidssystem varierer og at dei har tilgang til og nyttar ressursane ulikt. Det kjem fram ulike erfaringar knytt til samarbeid. Samarbeidet om den tidlege innsatsen internt i skulen ser ut til å fungera godt, medan det er delte erfaringar kring samarbeid med andre instansar. Fleire utrykk behov for meir og raskare oppfølging og rettleiing av PPT. I studien kjem det fram at lærarane har god kompetanse i å identifisera og kartlegga elevar som strevar med lesing eller heng etter i leseutviklinga, men at det kan vera utfordrande å veta om det er snakk om lese- og skrivevanskar hjå dei yngste elevane. Det kjem òg fram behov for meir kompetanse kring iverksetjing av tiltak. Lærarane i denne studien gjennomfører kartleggingar av heile klassen kort tid etter at elevane startar på 1. trinn, noko som dannar eit grunnlag for lærarane sitt vidare arbeid med tidleg innsats retta mot elevane sine leseferdigheitar. Funna syner at lærarar nyttar eit bredt utval kartleggingsverktøy og fleire ulike metodar for å identifisera og avdekka vanskar hos elevar som har utfordringar med lesinga eller som heng etter i leseutviklinga. Fleire av informantane i denne studien gjev utrykk for at det er utfordrande å finne gode kartleggingsverktøy for dei yngste elevne.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleLærarar sine erfaringar med tidleg innsats inn mot elevar i risiko for å utvikla lese- og skrivevanskaren_US
dc.title.alternativeTeachers experience with early intervention towards pupils at risk of developing reading and writing difficultiesen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMGBSP550en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal