Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHollevik, Marianne
dc.date.accessioned2022-09-09T11:07:41Z
dc.date.available2022-09-09T11:07:41Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3016863
dc.descriptionMaster i grunnskulelærar 5-10, fordjuping i norsk Fakultetet for lærarutdanning, kultur og idrett Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking Innleveringsdato: 16.05.2022en_US
dc.description.abstractDet overordna tema for denne mastergradsavhandlinga er fleirspråklegheit som ein ressurs i undervisning av fleirspråklege elevar. Formålet er derfor å undersøkje parallellspråkleg litteratur sin betyding for ord- og omgrepsinnlæring for fleirspråklege elevar i vidaregåande skule. Studien tek utgangspunkt i ein undervisningsmetode med fokus på bruk av parallellspråkleg litteratur for ord- og omgrepsinnlæring. Parallellspråkleg litteratur er litteratur utforma for å bli lese parallelt om ein meistrar begge språka. Litteraturen kan også bli lesen av to personar der dei meistrar kvar sitt språk (Naqvi et al., 2012, s. 504). Studien vektlegg eit sosiokulturelt perspektiv på språklæring (Vygotskij, 1978), i tillegg til å ha eit ressursperspektiv på fleirspråklegheit (KD, 2019). Slik sett plasserer ein studien innanfor andrespråksfeltet, med fokus på eldre elevar sin andrespråksutvikling. Med bakgrunn i at eg i denne studien har prøvd ut eit undervisningsopplegg der kvaliteten og effekten av opplegget har blitt vurdert, blir studien omtala som ein pilotstudie. Denne pilotstudien har både kvantitativ og kvalitativ tilnærming, der det empiriske materialet består av testresultat frå deltakarane, semi-strukturerte intervju med kvar deltakar, og observasjonar frå ein eigenrapportert logg. Utvalet i studien er fire fleirspråklege elevar frå vidaregåande skule, med butid i Norge på mellom tre og fem år. Elevane blei testa på andrespråket før og etter gjennomføringa av intervensjon. Dei blei også intervjua i etterkant. Formålet med intervjua var å få fram elevperspektivet i studien. Testresultata viser at alle elevane hadde ei auke i lærte ord etter gjennomført intervensjon. Orda som elevane opplevde som uforståelege i litteraturen var i stor grad substantiv med sentral betyding for innhaldet, samt nokre verb og adjektiv. Funna gjort i denne pilotstudien indikerer at arbeid med parallellspråkleg litteratur kan vere eit godt bidrag inn mot litteraturundervisninga for denne elevgruppa. Føresetnadane er at litteraturen er tilpassa elevane sine språkferdigheiter både på fyrstespråket og målspråket. Samla bidreg pilotstudien med informasjon som vil vere relevant for revidering av intervensjonsprogrammet før ei eventuell vidare utprøving.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectOrd- og omgrepsinnlæringen_US
dc.subjectord- og begrepslæringen_US
dc.subjectparallellspråkleg litteraturen_US
dc.subjectparallellspråklig litteraturen_US
dc.subjectparallellspråken_US
dc.subjectandrespråkslæringen_US
dc.subjectflerspråkligheten_US
dc.titleOrd- og omgrepsinnlæring med parallellspråkleg litteraturen_US
dc.title.alternativeWord and concept learning with parallel language literatureen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber81en_US
dc.description.localcodemguno550en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal