Ord- og omgrepsinnlæring med parallellspråkleg litteratur
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3016863Utgivelsesdato
2022Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Det overordna tema for denne mastergradsavhandlinga er fleirspråklegheit som ein ressurs i undervisning av fleirspråklege elevar. Formålet er derfor å undersøkje parallellspråkleg litteratur sin betyding for ord- og omgrepsinnlæring for fleirspråklege elevar i vidaregåande skule. Studien tek utgangspunkt i ein undervisningsmetode med fokus på bruk av parallellspråkleg litteratur for ord- og omgrepsinnlæring. Parallellspråkleg litteratur er litteratur utforma for å bli lese parallelt om ein meistrar begge språka. Litteraturen kan også bli lesen av to personar der dei meistrar kvar sitt språk (Naqvi et al., 2012, s. 504). Studien vektlegg eit sosiokulturelt perspektiv på språklæring (Vygotskij, 1978), i tillegg til å ha eit ressursperspektiv på fleirspråklegheit (KD, 2019). Slik sett plasserer ein studien innanfor andrespråksfeltet, med fokus på eldre elevar sin andrespråksutvikling. Med bakgrunn i at eg i denne studien har prøvd ut eit undervisningsopplegg der kvaliteten og effekten av opplegget har blitt vurdert, blir studien omtala som ein pilotstudie. Denne pilotstudien har både kvantitativ og kvalitativ tilnærming, der det empiriske materialet består av testresultat frå deltakarane, semi-strukturerte intervju med kvar deltakar, og observasjonar frå ein eigenrapportert logg. Utvalet i studien er fire fleirspråklege elevar frå vidaregåande skule, med butid i Norge på mellom tre og fem år. Elevane blei testa på andrespråket før og etter gjennomføringa av intervensjon. Dei blei også intervjua i etterkant. Formålet med intervjua var å få fram elevperspektivet i studien. Testresultata viser at alle elevane hadde ei auke i lærte ord etter gjennomført intervensjon. Orda som elevane opplevde som uforståelege i litteraturen var i stor grad substantiv med sentral betyding for innhaldet, samt nokre verb og adjektiv. Funna gjort i denne pilotstudien indikerer at arbeid med parallellspråkleg litteratur kan vere eit godt bidrag inn mot litteraturundervisninga for denne elevgruppa. Føresetnadane er at litteraturen er tilpassa elevane sine språkferdigheiter både på fyrstespråket og målspråket. Samla bidreg pilotstudien med informasjon som vil vere relevant for revidering av intervensjonsprogrammet før ei eventuell vidare utprøving.
Beskrivelse
Master i grunnskulelærar 5-10, fordjuping i norsk
Fakultetet for lærarutdanning, kultur og idrett
Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking
Innleveringsdato: 16.05.2022