Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorEkeland, Vårin
dc.date.accessioned2022-09-09T11:02:57Z
dc.date.available2022-09-09T11:02:57Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3016859
dc.descriptionMaster i grunnskulelærarutdanning 5-10, fordjuping i norsk Fakultetet for lærarutdanning, kultur og idrett Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolkingen_US
dc.description.abstractFøremålet med masteroppgåva har vore å undersøke kvifor lærarstudentar vel å byte hovudmål frå nynorsk til bokmål. I tillegg ser oppgåva på kva som er grunnane til bytet og korleis bytet skjer. Eg har undersøkt studien si problemstilling ved å gjennomføre ei spørjeundersøking og to intervju. Studien finn at språkstatus og maktforholda skriftspråka har, er den overordna årsaka til dei handfaste grunnane lærarstudentane rapporterer om. Alle grunnane som kjem fram i datamateriale er komplekse, og må sjåast i samanheng. Det kan sjå ut til at hovudmålsbytet dei gjer, er eit pragmatisk byte der dei tilpassar seg dei ulike situasjonane. På grunn av statusen til bokmål, får nynorskbrukarane ei større bokmålseksponering når dei byrjar å studere, enn kva dei hadde tidlegare. Det meste av undervisning og pensum er på bokmål, og i tillegg skriv mange av dei andre på studiet på bokmål. Fordi kompetanseforskjellane er så ulike, er det derfor lettare for nynorskstudentar å leggje om til bokmål, enn kva det er for bokmålsstudentar. I tillegg til dette vert bokmålseksponeringa for nynorskbrukarar større. Nynorskbrukarar kjem ofte frå områder der nynorsk er majoritetsspråket, der dei har hatt all undervisning på nynorsk, fram til dei byrja å studere. Sjølv om tidlegare forsking finn at skulen er den einaste nynorskarenaen for mange elevar, ser det ut til at det ikkje har noko betyding for korleis praksisen er ved høgare utdanning. Alt i alt kan det sjå ut til at når lærarstudentar vel å byte hovudmål frå nynorsk til bokmål, har dei ein tanke om at dei skal bytte tilbake til nynorsk seinare når dei er ferdig å studere. Dei språkpolitiske føringane som ligg til grunn i høgare utdanning, gjer til at nynorskstudentar kanskje ikkje eigentleg har eit val, fordi dei må tilpasse seg majoritetsspråket hos medstudentar, pensum og undervisning.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectHovudmålsbyteen_US
dc.subjecthovedmålsbytteen_US
dc.subjectlærerstudenteren_US
dc.subjectHVLen_US
dc.subjectHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.subjectspråken_US
dc.subjectidentiteten_US
dc.subjectnynorsken_US
dc.subjectbokmålen_US
dc.titleHovudmålsbyte blant lærarstudentar ved HVLen_US
dc.title.alternativeLanguage change among teacher students at HVLen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber93en_US
dc.description.localcodemguno550en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal