Hovudmålsbyte blant lærarstudentar ved HVL
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3016859Utgivelsesdato
2022Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Føremålet med masteroppgåva har vore å undersøke kvifor lærarstudentar vel å byte hovudmål frå nynorsk til bokmål. I tillegg ser oppgåva på kva som er grunnane til bytet og korleis bytet skjer. Eg har undersøkt studien si problemstilling ved å gjennomføre ei spørjeundersøking og to intervju. Studien finn at språkstatus og maktforholda skriftspråka har, er den overordna årsaka til dei handfaste grunnane lærarstudentane rapporterer om. Alle grunnane som kjem fram i datamateriale er komplekse, og må sjåast i samanheng. Det kan sjå ut til at hovudmålsbytet dei gjer, er eit pragmatisk byte der dei tilpassar seg dei ulike situasjonane. På grunn av statusen til bokmål, får nynorskbrukarane ei større bokmålseksponering når dei byrjar å studere, enn kva dei hadde tidlegare. Det meste av undervisning og pensum er på bokmål, og i tillegg skriv mange av dei andre på studiet på bokmål. Fordi kompetanseforskjellane er så ulike, er det derfor lettare for nynorskstudentar å leggje om til bokmål, enn kva det er for bokmålsstudentar. I tillegg til dette vert bokmålseksponeringa for nynorskbrukarar større. Nynorskbrukarar kjem ofte frå områder der nynorsk er majoritetsspråket, der dei har hatt all undervisning på nynorsk, fram til dei byrja å studere. Sjølv om tidlegare forsking finn at skulen er den einaste nynorskarenaen for mange elevar, ser det ut til at det ikkje har noko betyding for korleis praksisen er ved høgare utdanning. Alt i alt kan det sjå ut til at når lærarstudentar vel å byte hovudmål frå nynorsk til bokmål, har dei ein tanke om at dei skal bytte tilbake til nynorsk seinare når dei er ferdig å studere. Dei språkpolitiske føringane som ligg til grunn i høgare utdanning, gjer til at nynorskstudentar kanskje ikkje eigentleg har eit val, fordi dei må tilpasse seg majoritetsspråket hos medstudentar, pensum og undervisning.
Beskrivelse
Master i grunnskulelærarutdanning 5-10, fordjuping i norsk
Fakultetet for lærarutdanning, kultur og idrett
Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking