Lærarar i møte med elevar i matematikkvanskar
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3015904Utgivelsesdato
2022Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Dette er ei samskrivingsoppgåve som kombinerer faga spesialpedagogikk og matematikk. Hovudfokuset i oppgåva har vore korleis lærarar arbeider med elevar i matematikkvanskar, og tiltak dei gjer for å hjelpa elevane. Føremålet var å få ei breiare innsikt i lærarar sitt arbeid med elevar i matematikkvanskar, og forsøka å skapa ei breiare forståing for feltet. Det skal vera med å førebu oss til arbeidet i skulen. I løpet av praksisperiodane ha me snakka med praksislærarar om elevar i matematikkvanskar, og svara me fekk var så ulike at dei vekka in teresse for tema. Metoden som vart nytta var av kvalitativt design, der vi intervjua fem matematikklærarar og to spesialpedagogar. Dei var frå skular i Vestland fylke og arbeidde på 5.–7. Trinn. Intervju vart valt som metode då det gav moglegheita til direkte kontakt med lærarar, med ulike er faringar i møte med elevar i matematikkvanskar. Kunnskapsgrunnlaget er danna av relevant teori og forsking om matematikkvanskar, samt litteratur og forsking rundt skulen, lærarar og elevar. Informantane hadde erfaringar som korresponderte med tidlegare forsking. Det ga nyttige refleksjonar for arbeidet med elevar i matematikkfaget og elles. Studien set lys på ulike årsa ker til at elevane er i vanske, og korleis lærar kan tilpassa opplæringa for desse elevane. Funna relatert til informantane sin kritikk av den nye læreplanen sin innverknad på elevar i matematikkvanskar var særs interessante. Det er ikkje mogleg å generalisera ut frå våre funn, men studien viser fleire lærarar sitt perspektiv på fagfeltet. Studien bidreg med infor masjon om elevar i vanske i matematikkfaget som kan vera relevant for lærarstudentar og lærarar.
Beskrivelse
Master i matematikk og spesialpedagogikk
Grunnskulelærarutdanninga 5.-10. trinn
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
16.05.2022