Elevar med autismespekterforstyrring under covid-19 pandemien
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3014278Utgivelsesdato
2022Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Det foreliggande masterprosjektet har hatt som mål å finne ut korleis born og unge i grunnskulen, som har ein autismespekterforstyrringsdiagnose, har opplevd og takla kvardagen under koronapandemien. Vektlegginga har vore på den psykiske helsa til borna og familiane deira, og korleis denne har vorte påverka. Prosjektet er forankra i den medisinske og sosiale forståinga av diagnosar, og synet funksjonshemming. Av den grunn er mykje av fokuset i studien på korleis vi som samfunn oppfattar menneskjer med diagnosar og deira funksjonshemmingar. Eg undersøkjer korleis samfunnet tar vare på menneskjer med behov som er avvikande frå det ein ser på som «normalt», og om nokon fell utanfor som følgje av dette. Studien er gjennomført ved bruk av metoden kvalitativt intervju, der informantgruppa består av føresette til born med ein autismespekterforstyrringsdiagnose. Intervjua er analysert og koda gjennom analyseverktøyet NVivo. I resultata frå intervjua kjem det fram at fleire har opplevd auke i stress som følgje av store brot i det kvardagslege (1). Fleire har opplevd mangelfull tilrettelegging, og for lite kunnskap om autismespekterforstyrring i skulen generelt (2). Det å få nye måtar å være sosial på har vore godt for mange, og mindre hektisk og utmattande enn det har vore med dei meir tradisjonelle metodane (3). Eit godt samarbeid mellom skulen og heimen er essensielt for at bornet skal ha det best mogleg (4). Resultata frå studien er ikkje noko fasitsvar, både fordi det er varierande korleis skular har lagt til rette under pandemien, og at borna har ulike behov som krev at ein legg til rette på ulike måtar. Det eg ser er Gjennom resultata studien blir det uttrykt bekymring over den spesialpedagogiske kunnskapen i den norske skulen i dag, spesielt knytt til born med særskilte behov. Denne mangelen på kunnskap kan føre til at mange born med særskilte behov får ein unødvendig utfordrande kvardag, og blir tillagt funksjonshemmingar det ikkje er sikkert dei ville hatt med ein betre tilrettelegging. Generelt burde ein få auka den spesialpedagogiske kunnskapen i skulen, for å kunne gi best mogleg undervisning til alle elevar, og gi alle ein så god kvardag som mogeleg.
Beskrivelse
Kandidatnummer: 428
MGBSP550 Masteroppgåve Vestlandsklasse - Spesialpedagogikk
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett - Institutt for pedagogikk,
religion og samfunnsfag – GLU 1-7, Bergen
16.05.2022