Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorTofte, Håvard
dc.date.accessioned2022-08-19T08:03:05Z
dc.date.available2022-08-19T08:03:05Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3012628
dc.descriptionMaster i idrettsvitskap Fakultet for lærarutdanning, kunst og idrett 16. mai 2022en_US
dc.description.abstractHensikta med denne avhandlinga er å belyse eit felt som bygg på terapeutiske og pedagogiske innfallsvinklar. Utandørsterapeutrolla er lite omtalt og vi veit lite om korleis dei legg opp til behandling og terapi for ungdom med redusert psykisk velvære (Plummer, 2009; Pryor et al., 2005), dette på tross av det eksisterer eit stort spenn av artiklar, litteratur, studiar m. m. over fleire tiår som viser og forklarar effektane ved utandørsterapi (Bettmann et al., 2016; Davis Berman & Berman, 1989; Kraft & Cornelius-White, 2020; Tucker et al., 2016). Målet med dei fleste utandørsterapeutiske program verker å være å utvikle meistringstru og ny tru på seg sjølv (Dobud & Cavanaugh, 2021; Fernee et al., 2021; Haanæs, 2016; Russell, 2001), men berre eit fåtal studiar og oppgåver tar opp korleis terapeutar tenker rundt eigen praksis (Gabrielsen et al., 2018; Riihimäki, 2019). Enda vanskelegare er det å finne studiar som beskriver konkrete pedagogiske, didaktiske og terapeutiske grep gjort i terapien. Følgjande problemstilling er dermed formulert: «Korleis forstår terapeutar sjølv sin utandørsterapeutiske praksis med ungdom i naturen?» For å svare på problemstillinga er fem utandørsterapeutar frå Avdeling for barn og unges psykiske helse (ABUP) ved Sørlandet Sjukehus HF intervjua. Datamaterialet er analysert ved hjelp av Braun og Clarke (2012) sin tematiske analyse. Analyseprosessen leda fram til to hovudtema; Friluftsliv og terapi i eit kryssingsfelt og Anerkjenning i ulike former. Funna er diskutert i lys av friluftspedagogiske perspektiv, som impliserer at oppgåva vektlegg pedagogiske og didaktiske innfallsvinklar, og i mindre grad terapeutiske tilnærmingar. Erfaringane og forteljingane terapeutane delar vitnar om ei rolle som er situasjonsstyrt og fleksibel, ein praksis der terapeutane er opptatt av å leggje til rette for individuelle tilpassingar og ei rolle som er sterkt relasjonsdrevet. For å skape eit sterkt sosialt fellesskap brukar dei aktivitetar i naturen til å samle ungdommane og skape distanse til kvardagen. Latent i forteljingane til terapeutane får vi inntrykk av ei rolle som er opptatt av å anerkjenne ungdommane på ulike måtar. Ved å leggje til rette for terapi i mindre grupper møter ungdommane andre som også opplever redusert psykisk velvære, og slikt forståing for kven dei er. Ved å tilpasse aktivitetar legg dei til rette for at ungdommane kan oppleve positive erfaringar til eigne ferdigheiter og eigenskapar, og slik oppdage nye sider ved seg sjølv. Til slutt, terapeutane er opptatt av å utvikle gode relasjonar til kvar enkelt slik at dei får anledning til å bli sett og utvikle eigen sjølvfølelse.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectFriluftsliven_US
dc.subjectutandørsterapeutiske praksisen_US
dc.subjectungdomen_US
dc.subjectpsykisk helseen_US
dc.titleEin relasjonell kurs og eit anerkjennande mål: friluftsliv som terapeutisk praksisen_US
dc.title.alternativeA relational course and recognition as a goal: friluftsliv as a therapeutic practiceen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber72en_US
dc.description.localcodeMIDR506en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal