dc.contributor.author | Mørkve, Eirik | |
dc.date.accessioned | 2022-08-15T10:29:00Z | |
dc.date.available | 2022-08-15T10:29:00Z | |
dc.date.issued | 2022 | |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/11250/3011826 | |
dc.description | Spesialpedagogikk i GLU 5-10
MGUSP550 Masteroppgåve Vestlandsklasse
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking | en_US |
dc.description.abstract | Forsking dokumenterer at læraren sin relasjonskompetanse har stor betydning for elevar si læring og utvikling. Vidare er det mykje som tyder på at elevar som mottek spesialundervising har eit særleg behov for ein lærar eller ein spesialpedagog med god relasjonskompetanse. Føremålet med denne studien har derfor vore å undersøkje kva spesialpedagogar oppfattar som god relasjonskompetanse i møte med desse elevane. Studien tek utgangspunkt i fylgjande problemstilling: Kva vert oppfatta som god relasjonskompetanse hjå ein spesialpedagog i møte med elevar som har det vanskeleg?
Studien har ein kvalitativ tilnærming med eit hermeneutisk design. Datamaterialet er samla inn gjennom semistrukturerte intervju med fem spesialpedagogar frå fem ulike skular, som dernest har vorte analysert med utgangspunkt i den konstant komparative analysemetoden.
Funna i studien vert presentert innanfor fire hovudkategoriar – elevinteresse, tillit, emosjonell modning og støttedimensjonar – desse kategoriane er inspirert av relasjonsteoretikaren, Jan Spurkeland. Det kjem fram at spesialpedagogane i denne studien har både like og ulike moment dei ser på som viktig i det å ha god relasjonskompetanse i møte med elevar som har det vanskeleg. Noko av det som vert framheva som sentralt er at spesialpedagogen viser ei genuin interesse for eleven, forsøkjer å etablere tillit gjennom tillitsvekkjande handlingar og fokuserer på dei emosjonelle sidene til eleven ved å sjå eleven innanfrå og ikkje fokusere på den ytre åtferda. Viktige funn i støttedimensjonane er at spesialpedagogen med fordel kan byggje relasjon med ein elev gjennom lystprega aktivitetar, ha ein anerkjennande kommunikasjon, la elevane medverke slik at dei får eit eigarforhold til det som skjer i skulekvardagen og motivere gjennom å legge til rette for meistring. Alt dette verkar å vere ekstra viktig i møte med elevar som har det vanskeleg, noko som indikerer at ein spesialpedagog bør ha dugleikar, evner, haldningar og kunnskapar som inneber god relasjonskompetanse. | en_US |
dc.language.iso | nno | en_US |
dc.publisher | Høgskulen på Vestlandet | en_US |
dc.rights | Navngivelse 4.0 Internasjonal | * |
dc.rights.uri | http://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no | * |
dc.title | Kva vert oppfatta som god relasjonskompetanse? Spesialpedagogar i møte med elevar som har det vanskeleg. | en_US |
dc.title.alternative | What is perceived as good relational competency? Special education teachers with regards to pupils who are experiencing difficulties. | en_US |
dc.type | Master thesis | en_US |
dc.description.localcode | MGUSP550 | en_US |