«Ingen kjære mor» Ein studie av framstillinga av omsorgssvikt i mor-son-relasjonen i Sangen om en brukket nese og Pitbull-Terje går amok
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3010282Utgivelsesdato
2022Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne masteroppgåva undersøker framstillingar av omsorgssvikt i mor-son-relasjonar i barneog ungdomsromanane Sangen om en brukket nese (2012) av Arne Svingen og Pitbull-Terje går amok (2002) av Endre Lund Eriksen. Ved å utføre komparativ litterær analyse vert skildringar av karakterar og framstillingar av relasjonar mellom karakterar utforska. Ved å nytte Nussbaum sin teori om narrativ førestellingsevne, vert litteraturen sitt potensiale til å utvikle empati framheva. Litteraturen si viktige i skulen kjem fram av den norske skulen sitt læreplanverk som frå 2020 har "Folkehelse og livsmestring» som eit tverrfagleg tema for alle fag.
Funna i studien er at barneromanane framstiller søner som vert svikta av omsorgspersonane sine. Her kjem det fram at karakterane ofte må ta vare på seg sjølv og får ansvarsroller barn ikkje skal måtte ha. Ein av måtane dei handterer den vanskelege kvardagen sin er ved å fokusere på sine eigne hobbyar. Vidare vert det peika på at for å tilpasse den vonde tematikken til barnelesarane nyttar forfattarane grep. Korleis karakterar vert konstruerte, samt korleis humor vert eit viktig verkemiddel for å nå unge lesarar med eit sårt tema som omsorgssvikt i mor-sonrelasjonar. Det er argumentert for at bruken av litterære verkemiddel, som karakterskildringar, samt bruk av humor, kan verke positivt inn på born si utvikling som lesar. Dette er sett i lys av Appleyard sin teori om ulike lesarroller. I tillegg, kan desse litterære grepa motivere unge lesarar til å lese litteratur som tek opp vanskelege tema, til dømes omsorgssvikt i mor-son relasjonar.
Beskrivelse
Masteroppgåve i norsk GLU 5-10 (MGUNO550)
Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett