Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorGryte, Margunn Leknes
dc.date.accessioned2022-08-02T10:32:46Z
dc.date.available2022-08-02T10:32:46Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3009759
dc.descriptionMaster i kreative fag og læreprosesser, Fagprofil: kunst og handverk, campus Storden_US
dc.description.abstractDet kan vere nærast meditativt å stå med dreiejernet i handa og kjenne jernet forme eit treemne til ei dreid form. Sagflis som legg seg som eit tjukt lag over golvet, lukta av treet og praktisk trearbeid. Resultatet blir ofte overraskande bra, og det er ikkje så vanskeleg som det kan sjå ut. Denne masteroppgåva undersøkjer på kva måte ein estetisk læreprosess som tredreiing kan bidra til meiningsskaping for elevar i ungdomsskulen, med desse tilhøyrande forskingsspørsmåla: - Kva opplevingar uttrykkjer elevane i møte med ei formoppgåve i teknikken tredreiing? - Korleis kjem samhandling mellom elev og lærar til syne gjennom den formskapande prosessen? Fordi tredreiing er eit raudlista handverk og fordi skulen er ein arena med unike mogelegheiter til å forvalte kulturarven i praksis, introduserte eg teknikken tredreiing for fire elevar på ungdomsskulen. Målet med aksjonsforskingsopplegget var å få ei forståing for og ei erfaring med korleis det er hensiktsmessig å drive opplæring i handverksteknikken tredreiing i ungdomsskulen. Eg har nytta kvalitativ metode, med eit hermeneutisk perspektiv, for å komme fram til svar på problemstillinga. Empirien er henta frå både forskarlogg og elevlogg. I tillegg har eg henta data gjennom eit fokusgruppeintervju med elevane. Resultata kan peike mot at elevane har stor meistringstru i møte med den nye handverksteknikken og arbeid på verkstaden. Mykje av motivasjonen for oppgåva ligg i den ferdig modellerte forma . Ein kan og sjå at samhandlinga mellom lærar og elev har mykje å seie for eleven si meistringskjensle. Elevane uttrykker mange kjensler knytt til dreieprosessen, og som lærar og «meister» i den estetiske læreprosessen må ein vere tett på . Prosessen frå å sjå føre seg, planlegge og visualisere ein ide viser seg å vere utfordrande for elevane. I oppgåva drøftar eg ulike grunnar til at elevane finn denne prosessen vanskeleg. I analysen og i drøftinga finn eg støtte i teorien til blant andre John Dewey og Richard Sennett, i tillegg er teori om motivasjon og meistring og esteitske læreprosessar sentrale.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.title«Eg må stoppe maskina for å sjå korleis det eigentleg ser ut» - eit aksjonsforskingsopplegg som undersøkjer korleis ein estetisk læreprosess som tredreiing kan bidra til meiningsskaping for fire elevar i ungdomsskulen.en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMACREL-OPGen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal