Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorEide, Ole Brekkenes
dc.date.accessioned2022-06-27T10:08:48Z
dc.date.available2022-06-27T10:08:48Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3001049
dc.descriptionMaster IKT i læring, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idretten_US
dc.description.abstractMålet med denne studien er å sjå på korleis ein i arbeid med vurdering kan stimulere elevane til å ta tak i videotilbakemeldingar frå læraren. Utgangspunktet for oppgåva har vore å finne ein metode å få elevane til å ta større del i læringsarbeidet sitt og å ta i bruk tilbakemeldingane frå læraren på ein hensiktsmessig måte. Videotilbakemelding er eit verktøy som tidlegare studiar har vist at kan ha positiv effekt på læring, og denne studien ser også på om ein kan nytte videotilbakemelding for å skape dialog om læring, og på den måten få eleven til å ta tak i videotilbakemeldinga frå læraren. Slik kan videotilbakemelding fungere som ein fagsamtale eller elevsamtale. Studien har samla inn empiriske data gjennom eit kvalitativt forskingsintervju, der det vart konstruert ei innleveringsoppgåve som fungerer som datagrunnlag for intervjua. I første del har elevane levert inn ein videopresentasjon innanfor eit emne i norskfaget. Deretter har læraren gjort eit skjermopptak og gjeve ei videotilbakemelding med kommentarar og forklaringar i videoen. Som ein viktig del av tilbakemeldinga har læraren nytta dei fire prinsippa for god vurdering (Utdanningsdirektoratet, 2021b) i tilbakemeldinga. Til slutt har eleven sendt ein refleksjonsvideo tilbake til læraren, der eleven har reflektert rundt tilbakemeldinga frå læraren. Studien er gjennomført på 10. trinn ved ein ungdomsskule der fem av dei tjueto deltakarane vart intervjua. I studien er det nytta ein fenomenologisk-hermeneutisk tilnærming der ein har nytta kvalitativt forskingsintervju som metode. Intervjua var retta mot opplevingar med bruk av videotilbakemelding og korleis videovekslinga fungerer med tanke på læring og dialog om læring der. Eit sosiokulturelt syn på læring ligg til grunn for studien. Resultata i studien viser at elevane opplever undervisningsopplegget med videovekslinga som nyttig og dei viser til at spesielt det å få munnleg tilbakemelding er nyttig. Dei viser også til at det å lage ein refleksjonsvideo i etterkant er nyttig, fordi då opplever dei at dei får brukt tilbakemeldinga frå læraren. Studien viser at bruk av video kan vere med å skape engasjement og lærelyst, men det er endå viktigare for elevane at dei får munnlege tilbakemeldingar og moglegheit til å samtale om eiga læring. Funna viser at bruk av videotilbakemelding kan stimulere elevane til å ta aktivt del i vurderingsprosessen og vurdere seg sjølv.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleDidaktisk bruk av videotilbakemelding i undervegsvurdering på ungdomstrinneten_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMASIKT-OPGen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal