Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorØlmheim, Jan Erik
dc.date.accessioned2022-06-27T09:48:58Z
dc.date.available2022-06-27T09:48:58Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3001044
dc.descriptionEin stor del av høgare utdanning i dag skjer via nettundervisning. Nettundervisning krev gjerne andre tilpassingar enn det vanleg klasseroms-undervisning krev. Desse krava og tilretteleggingane prøver Senter for fysisk aktiv læring å tilpassa seg når dei tilbyr sitt 15 studiepoengs kompetanseutviklings studium innan fysisk aktiv læring (FAL). Når ein skule skal til med eit utviklingsarbeid som FAL-utdanninga, er studentane som tek studiet avhengig av ei nettundervisning som fungerer i ein allereie travel skulekvardag. Det er laga ein modell for god studielivskvalitet i nettundervisning som er bygt på akronymet SMART (Larsen Damsgaard, 2019, s. 38). Studielivskvalitetsmodellen SMART vil eg nytta som teoretisk bakteppe i oppgåva. Akronymet SMART står for struktur, mestring, aktivitet, relasjon og transformasjon. Studiet si problemstilling er: Kva erfarte etter- og vidareutdanningsstudentar innan fysisk aktiv læring som viktig for å lukkast med nettundervisning? Ut frå problemstilling skissert ovanfor er fylgjande forskingsspørsmål nytta: Korleis kan studielivskvalitetsmodellen SMART nyttast for å forklare studentane sine opplevingar av FAL nettundervisninga? Er det nokon av SMART faktorane som merkar seg ut? For å undersøke problemstillinga blei eit kvalitativt studiedesign nytta. Seks semistrukturerte djupneintervju blei gjennomført, der alle hadde teke 15 studiepoeng FAL-utdanning. Mi form for innhaldsanalyse var inspirert av det som Hsieh & Shannon (2005) kallar «directed content analysis» der målet var å validera eit eksisterande rammeverk og eventuelt koma med forslag til forbetringar. Braun og Clarkes (2006) tematiske analyse, der koding, kategorisering og inndeling i ulike tema knytt til problemstilling blei nytta. Hovudfunna frå studiet syner at studielivskvalitetsmodellen SMART dekkjer mange av dei faktorane som er viktige for at studentane skal lukkast med nettundervisning. Det er vanskeleg å skilje enkelte faktorar frå kvarandre då dei byggjer på kvarandre. Samstundes ser ein at skal ein lukkast med ei endring i studentane sin undervisningskvardag, er transformasjon av ny kunnskap viktig. Studentane trakk fram den utviklingsprosessen som dei hadde vore gjennom som større enn dei hadde forventa, spesielt gjennom studentaktive læringsformer der mykje av læringa har vore samskapt med andre studentar. I samskaping av læring kjem også knappheit på tid til å studera fram. Dei studentane som fekk nok avsett tid frå rektorane, fekk jobba meir gjennom det fagstoffet og pensumet som var i emnet enn dei studentane som fekk lite avsett tid. Funna syner og at ein må vera observant på den relasjonelle samanhengen mellom dei magiske gruppene og transformasjonen_US
dc.description.abstractMaster i IKT og læring, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idretten_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.title«... eg lære jo aller best viss nokon gjennomføre i lag med meg» - eit studie om erfaringar rundt nettundervisning frå studentane si sideen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMASIKT-OPGen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal