Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorThue, Helga Golten
dc.date.accessioned2022-04-25T07:03:16Z
dc.date.available2022-04-25T07:03:16Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2992392
dc.descriptionM120DR513 Dramapedagogikk og anvendt teater Høgskulen på Vestlandet, FLKI, Institutt for kunstfagen_US
dc.description.abstractI denne masteroppgåva vert det undersøkt på kva måte drama som læringsform kan bidra til djup læring og som vurderingsverkty i grunnskulen. Gjennom aksjonsforsking er det utvikla og gjennomført eit langstrakt dramaforlaup med elever på 5. trinn ved ein skule i Bergen. Kvalitative forskingsmetodar som intervju og deltakande observasjon vert nytta for å samla inn data før, under og etter gjennomføring av det langstrakte dramaforlaupet. Forskingsprosjektet undersøkjer kva informasjon om læring og kompetansar ein kan få auge på gjennom estetiske uttrykksformer, med særleg fokus på om undervisninga uttrykkjer prinsipp for djupnelæring. Bakgrunnen for prosjektet er ein aukande skepsis til dominerande testmetodar i vurderinga av elevane, samt mangel på gode nok alternative verkty til å få innsyn i elevane si djupe læring. Innføringa av nytt læreplanverk for grunnskulen, der djupnelæring og undervegvurdering er sentrale omgrep, dannar bakteppet for forskinga. Planverket opnar opp for stor metodefridom, noko som gjev lærarprofesjonen høve til å ta i bruk varierte metodar for pedagogisk praksis kring undervisning og vurdering. Det er i dette muligheitsrommet prosjektet testar ut om drama kan vera ein eigna metode til å synleggjera djup læring og gje god undervegvurdering. Oppgåva si problemstilling er: På kva måte kan drama som læringsform uttrykkja djup læring hjå elevar på mellomtrinnet? Teorien i oppgåva er valt ut etter kva som kan bidra til betre forståing av elementa i oppgåva si problemstilling, og ser på litteratur kring djupnelæring, vurdering og dramapedagogiske teoriar som har prega drama i norsk skule. Funna viser at drama sine aktive og skapande læringsformer over tid kan uttrykkja korleis elevane samarbeider i læringa, korleis dei gjennom skaping og fiksjon set lærestoffet inn i nye samanhengar, samt korleis dei reflekterer i og over læringa. Desse uttrykkja gjev informasjon som kan knytast til Utdanningsdirektoratet sin definisjon av djupnelæring. Prosjektet synleggjer på kva måte drama som læringsform kan vera eit godt bidrag i undervegvurderinga, og korleis drama som estetisk læringsform lar elevane få uttrykkja eit mangfald av kompetansar gjennom Frå Person til Perform som eit døme på ein mogleg langstrakt læreprosess.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleDrama som uttrykk for djup læringen_US
dc.title.alternativeDrama as a teaching and learning approach for expressing deep learningen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeM120DR513en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal