Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorMehammer, Hege Karin Havn
dc.date.accessioned2015-06-29T07:54:22Z
dc.date.available2015-06-29T07:54:22Z
dc.date.issued2015-06-29
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/285879
dc.description.abstract«Kritisk søkjemedvit - når elevar søkjer og les informasjon på nettet» Ikkje alt ein finn på internett er sant eller korrekt, og som med alt anna bør ein nytta internett med eit kritisk blikk. Når ein skal utføra søk på internett krævast det dugleikar når det kjem til konstruksjon av gode søkjeord, og evne til å lesa og trekkja ut relevante lenkjer og informasjon i ei treffliste. Ein orienterer seg i ein digital tekst på ein annan måte enn ein orienterer seg i ein analog tekst, då den digitale teksten inneheld eit vell av modalitetar og tydingsberande element der den analoge teksten er lineær. I denne oppgåva har eg undersøkt korleis elevar på sjuande trinn søkjer etter informasjon på internett og kva søkjeord dei nyttar i arbeid med ei skulerelatert oppgåve. Eg har dessutan freista å finna ut om elevane hadde utvikla eit kritisk blikk i forhold til kjeldebruk. Problemstillinga i oppgåva er: Korleis søkjer og vurderer eit utval elevar på sjuande trinn stoff dei finn på internett? Følgjande tre forskingsspørsmål er stilt i oppgåva:  På kva grunnlag konstruerer elevane søkeord?  Korleis navigerer elevane i informasjonen dei får opp på skjermen?  Kva refleksjonar har elevane om kvalitetssikring av informasjon som finst på internett? For å svara på desse spørsmåla har eg brukt eit kvalitativt forskingsdesign med observasjon og intervju som metode. Eg valde å observera fire elevar i arbeid med informasjonssøk på internett i ein situasjonell kontekst, og i tillegg intervjua elevane. Nokre av nettstadane i trefflista til elevane blei analysert for å sjå etter kjenneteikn ved sidene dei valde å klikka seg inn på og sidene som dei ikkje valde å klikka seg inn på. Den teoretiske tilnærminga er teori om lesing og refleksjon i forhold til trykt og digital tekst. Hovudkonklusjonane er at elevane i undersøkinga hadde avgrensa strategiar når det gjaldt konstruksjon av søkeord. Dei bevega seg også raskt frå nettstad til nettstad, og brukte lita tid på å lesa tekst fortløpande. Elevane i undersøkinga brukte meir tid på sjølve søkinga enn på å vurdera informasjonen si truverd.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectIKTnb_NO
dc.titleKorleis søkjer og vurderer eit utval elevar på sjuande trinn stoff dei finn på nettet?nb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel