• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Høgskulen på Vestlandet
  • Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett / Faculty of Education, Arts and Sports
  • Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag
  • View Item
  •   Home
  • Høgskulen på Vestlandet
  • Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett / Faculty of Education, Arts and Sports
  • Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Nettbrett i begynnaropplæringa i lesing: Lærarar sine refleksjonar kring bruk av nettbrett i begynnaropplæringa i lesing på 1. og 2. trinn

Johannesen, Lisbeth Merete
Master thesis
Thumbnail
View/Open
LisbethMereteJohannesen.pdf (1.913Mb)
URI
http://hdl.handle.net/11250/285874
Date
2015-06-29
Metadata
Show full item record
Collections
  • Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag [2148]
Abstract
Dei seinare åra har bruken av nettbrett som verktøy i skulen vore aukande. Spørsmålet har vore stilt om satsinga har vore forankra i skulen som verktøy for læring, eller om det å ta i bruk verktøyet er eit mål i seg sjølv. Som lærar i leseopplæringa i norsk grunnskule med utprøving av nettbrett i ein periode, har intensjonane med masteroppgåva vore å undersøka korleis andre lærarar vurderer nettbrett som verktøy i begynnaropplæringa i lesing, og kva dei legg til grunn for dei vala dei gjer.

Rammeverket TPACK (Technological Pedagogical And Content Knowledge) har vore med på å synleggjera læraren sin kompetanse når digitale verktøy skal implementerast i undervisninga i begynnaropplæringa i lesing. TPACK vart også nytta som verktøy i presentasjonen av empiri og vurdering.

Empirien i studien vart henta inn gjennom intervju med tre lærarar frå to skular med ulik satsing på bruk av nettbrett. Lærarane sine refleksjonar og vurderingar, og dokumenterte funn frå tidlegare forsking, viste at nettbrettet med sine eigenskapar og applikasjonar er eigna i begynnaropplæringa i lesing. Resultata i studien min viste at det i stor grad er dei lukka applikasjonane (drill og øving) som vart nytta for automatisering av lydar og bokstavar, som er grunnlaget for å læra å lesa. Dei meir skapande opne applikasjonane var i større grad i bruk i 2. trinn. Bruken av desse bidrog til å endra undervisninga, fordi det då vart behov for å bruka meir tid til å visa fram produkt elevane hadde laga. Samstundes viste studien at tilgangen til nettbrett, om elevane delte med fleire elevar eller hadde eigne, påverka kva applikasjonar som vart lagde vekt på. Resultata viste også at nettbrettet gjorde opplæringa lettare å tilpassa både til sterke elevar og dei som strevar. Elevane vart også raskare fortrulege med både dei store og små bokstavane, og nokre elevar skreiv seg til lesing.

Studien konkluderer med at bruken av nettbrett har potensial til å endra begynnaropplæringa i lesing. For å lukkast med skulen si satsing på fagdidaktisk digital kompetanse, må skuleleiinga legga til rette for kompetanseheving i personalet.

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit