Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBarane, Hanne Gjerde
dc.date.accessioned2015-06-29T07:46:58Z
dc.date.available2015-06-29T07:46:58Z
dc.date.issued2015-06-29
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/285872
dc.description.abstractVed bruk av Instagram, bloggar o.l som inneheld ein straum av bilete, ser eg for meg at ungdom har tileigna seg stor kunnskap om fotografering og bilete som språk. Det blir også sagt at me skapar oss sjølv i estetisk praksis. Med dette som bakgrunn tar undersøkinga mi for seg korleis iscenesette fotografiske sjølvportrett kan få betyding for ei elevgruppe ved yrkeslinja Media og Kommunikasjon sine estetiske produksjonar, samt kva elevane vektar i utforming av portretta. Ved å undersøke dette håpar eg å bidra til kunnskap om opplevingar kring estetisk produksjon, sosiale normer i ungdomsfellesskapet, samt korleis iscenesette fotografi kan opne for øving og forståing av visuelt språk. Undersøkinga har teorigrunnlag i det iscenesette fotografiet, ungdomsestetikk og pubertet, og semiotikk. For å svare på problemstillinga mi har eg nytta ei kvalitativ tilnærming der eg har samla inn fotografiske sjølvportrett, elevrapportar og skrive feltnotat. Dette blei samla inn under eit undervisningsopplegg der elevane fekk i oppgåve å portrettere to kontrastkjensler som kunne fortelje noko om dei som person. Oppgåva hadde rom for eksperimentering av ulike uttrykk, men den la også føringar for eit narsissistisk preg. Gjennom semiotisk analyse inspirert av Charles Sanders Peirce og Roland Barthes finn ein ut at elevgruppa har felles sosiale normer, samt ei semje om teikn og teikna si betyding. Vidare nyttar elevane iscenesettingsmomentet til å etterlikne røynda – ikkje for å gjenskape den. Elevane har hatt ein sterk kjenslemessig intensitet i arbeid med den estetiske produksjonen og dei måtte forlate komfortsona si for å kunne gjennomføre oppgåva. Informantane meinte at dette førte til eit breiare perspektiv av sjølvet. Ein kan argumentere for at oppgåva har vore meiningsfull for elevane då det opna for refleksjon over eigne kjensler og eigen livssituasjon.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectIKTnb_NO
dc.titleIscenesetjing av kjenslernb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel