dc.description.abstract | Ved
bruk
av
Instagram,
bloggar
o.l
som
inneheld
ein
straum
av
bilete,
ser
eg
for
meg
at
ungdom
har
tileigna
seg
stor
kunnskap
om
fotografering
og
bilete
som
språk.
Det
blir
også
sagt
at
me
skapar
oss
sjølv
i
estetisk
praksis.
Med
dette
som
bakgrunn
tar
undersøkinga
mi
for
seg
korleis
iscenesette
fotografiske
sjølvportrett
kan
få
betyding
for
ei
elevgruppe
ved
yrkeslinja
Media
og
Kommunikasjon
sine
estetiske
produksjonar,
samt
kva
elevane
vektar
i
utforming
av
portretta.
Ved
å
undersøke
dette
håpar
eg
å
bidra
til
kunnskap
om
opplevingar
kring
estetisk
produksjon,
sosiale
normer
i
ungdomsfellesskapet,
samt
korleis
iscenesette
fotografi
kan
opne
for
øving
og
forståing
av
visuelt
språk.
Undersøkinga
har
teorigrunnlag
i
det
iscenesette
fotografiet,
ungdomsestetikk
og
pubertet,
og
semiotikk.
For
å
svare
på
problemstillinga
mi
har
eg
nytta
ei
kvalitativ
tilnærming
der
eg
har
samla
inn
fotografiske
sjølvportrett,
elevrapportar
og
skrive
feltnotat.
Dette
blei
samla
inn
under
eit
undervisningsopplegg
der
elevane
fekk
i
oppgåve
å
portrettere
to
kontrastkjensler
som
kunne
fortelje
noko
om
dei
som
person.
Oppgåva
hadde
rom
for
eksperimentering
av
ulike
uttrykk,
men
den
la
også
føringar
for
eit
narsissistisk
preg.
Gjennom
semiotisk
analyse
inspirert
av
Charles
Sanders
Peirce
og
Roland
Barthes
finn
ein
ut
at
elevgruppa
har
felles
sosiale
normer,
samt
ei
semje
om
teikn
og
teikna
si
betyding.
Vidare
nyttar
elevane
iscenesettingsmomentet
til
å
etterlikne
røynda
–
ikkje
for
å
gjenskape
den.
Elevane
har
hatt
ein
sterk
kjenslemessig
intensitet
i
arbeid
med
den
estetiske
produksjonen
og
dei
måtte
forlate
komfortsona
si
for
å
kunne
gjennomføre
oppgåva.
Informantane
meinte
at
dette
førte
til
eit
breiare
perspektiv
av
sjølvet.
Ein
kan
argumentere
for
at
oppgåva
har
vore
meiningsfull
for
elevane
då
det
opna
for
refleksjon
over
eigne
kjensler
og
eigen
livssituasjon. | nb_NO |