Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHole, Sylvia
dc.date.accessioned2015-06-23T09:56:28Z
dc.date.available2015-06-23T09:56:28Z
dc.date.issued2015
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/285429
dc.descriptionMasterstudium i idrettsvitskap Høgskulen i Sogn og Fjordane mai 2015nb_NO
dc.description.abstractBakgrunn: Berre halvparten av dagens ungdommar i Norge tilfredsstiller anbefalingane om dagleg fysisk aktivitet. Arbeidsgjevarar i bygg- og anleggsbransjen opplever at lærlingar som skal ut i arbeid ikkje greier å gjennomføre ein vanleg arbeidsdag grunna dårleg fysisk form. Bygg- og anleggsbransjen består av mange yrker prega av tung arbeidsbelasting. Ei betring av fysisk form, og tru på eigne evner i høve det å vere i god fysisk form, vil truleg kunne føre til eit betre utgangspunkt for elevane med tanke på kva som ventar dei i arbeidslivet. Muskel- og skjelettlidingar er rekna som den største årsaka til sjukemeldingar i denne bransjen, ei betring av fysisk form vil derfor kome både einskildindividet og samfunnet til gode. Føremål: Føremålet med prosjektet er å undersøkje om to ekstra skuletimar trening per veke for elevar ved studieretning for bygg- og anlegg, kan påverke fysisk form og eigen motivasjon knytt til trening og skulekvardag. Metode: Studien er eit 13- vekers naturleg eksperiment med ein treningsintervensjon på studieretning for bygg- og anlegg. Utvalet representerer elevar på Vg1 på studieretningane bygg- og anlegg (n = 27) (intervensjonsgruppe), og elektro og teknikk- og industriell produksjon (n=28) (kontrollgruppe), ved Sogndal vidaregåande skule. Alle fysiske testar og data er gjennomført og innsamla i ordinær undervisningstid. 62 av 94 elevar signerte samtykke for å delta i studien. Av desse har 55 elevar (n=27, n=28) valide målingar på ein eller fleire fysiske testar (sit-ups, armhevingar og Andersen-test), samt svart på spørjeskjema knytt til motivasjon og trivsel i høve treningsvanar, og er inkludert i dei statistiske analysane. Elevane frå bygg- og anlegg svarte i tillegg på ei evaluering knytt til intervensjonen. Resultat: Intervensjonen førte til ein signifikant auke i tal på sit-ups (gjennomsnitt, 95% konfidensintervall = (4.9, 1.5- 8.1), p=0.04) for intervensjonsgruppa, og ein signifikant auke i tal meter på Andersen-test (−61.2, 12.8- 109.6), p=0.014) for kontrollgruppa mellom baseline og posttest. Det var ingen signifikant auke i armhevingar (1.0, −3.1- .96), p=.297). Det var heller ingen signifikant endring for psykologiske variablar (motivasjon og mestring). Elevane vurderte intervensjonen som bra, og var godt nøgd med å ha to timar ekstra trening per veke. Konklusjon: Denne studien viser at to skuletimar ekstra fysisk trening per veke, fører til ein signifikant endring i tal på sit-ups. Trass i få signifikante funn viser studien positive og viktige tendensar. Studien viser at elevane likar å ha to skuletimar ekstra trening per veke. Med tanke på at mange ungdommar i Norge ikkje tilfredsstiller dagleg anbefalt aktivitetsnivå, er skulen ein arena som kan påverke aktivitetsnivået nettopp gjennom slike tiltak. Nøkkelord: fysisk aktivitet, fysisk form, motivasjon, mestringnb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectfysisk aktivitetnb_NO
dc.subjectfysisk formnb_NO
dc.subjectmotivasjonnb_NO
dc.subjectmestringnb_NO
dc.titleEkstra trening for vidaregåande elevar på bygg-­ og anlegg: ein intervensjon ved Sogndal vidaregåande skulenb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber71nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel