Ekstra trening for vidaregåande elevar på bygg- og anlegg: ein intervensjon ved Sogndal vidaregåande skule
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/285429Utgivelsesdato
2015Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn: Berre halvparten av dagens ungdommar i Norge tilfredsstiller anbefalingane om
dagleg fysisk aktivitet. Arbeidsgjevarar i bygg- og anleggsbransjen opplever at lærlingar som
skal ut i arbeid ikkje greier å gjennomføre ein vanleg arbeidsdag grunna dårleg fysisk form.
Bygg- og anleggsbransjen består av mange yrker prega av tung arbeidsbelasting. Ei betring av
fysisk form, og tru på eigne evner i høve det å vere i god fysisk form, vil truleg kunne føre til
eit betre utgangspunkt for elevane med tanke på kva som ventar dei i arbeidslivet. Muskel- og
skjelettlidingar er rekna som den største årsaka til sjukemeldingar i denne bransjen, ei betring
av fysisk form vil derfor kome både einskildindividet og samfunnet til gode.
Føremål: Føremålet med prosjektet er å undersøkje om to ekstra skuletimar trening per veke
for elevar ved studieretning for bygg- og anlegg, kan påverke fysisk form og eigen motivasjon
knytt til trening og skulekvardag.
Metode: Studien er eit 13- vekers naturleg eksperiment med ein treningsintervensjon på
studieretning for bygg- og anlegg. Utvalet representerer elevar på Vg1 på studieretningane
bygg- og anlegg (n = 27) (intervensjonsgruppe), og elektro og teknikk- og industriell
produksjon (n=28) (kontrollgruppe), ved Sogndal vidaregåande skule. Alle fysiske testar og
data er gjennomført og innsamla i ordinær undervisningstid. 62 av 94 elevar signerte
samtykke for å delta i studien. Av desse har 55 elevar (n=27, n=28) valide målingar på ein
eller fleire fysiske testar (sit-ups, armhevingar og Andersen-test), samt svart på spørjeskjema
knytt til motivasjon og trivsel i høve treningsvanar, og er inkludert i dei statistiske analysane.
Elevane frå bygg- og anlegg svarte i tillegg på ei evaluering knytt til intervensjonen.
Resultat: Intervensjonen førte til ein signifikant auke i tal på sit-ups (gjennomsnitt, 95%
konfidensintervall = (4.9, 1.5- 8.1), p=0.04) for intervensjonsgruppa, og ein signifikant auke i
tal meter på Andersen-test (−61.2, 12.8- 109.6), p=0.014) for kontrollgruppa mellom baseline
og posttest. Det var ingen signifikant auke i armhevingar (1.0, −3.1- .96), p=.297). Det var
heller ingen signifikant endring for psykologiske variablar (motivasjon og mestring). Elevane
vurderte intervensjonen som bra, og var godt nøgd med å ha to timar ekstra trening per veke.
Konklusjon: Denne studien viser at to skuletimar ekstra fysisk trening per veke, fører til ein
signifikant endring i tal på sit-ups. Trass i få signifikante funn viser studien positive og viktige
tendensar. Studien viser at elevane likar å ha to skuletimar ekstra trening per veke. Med tanke
på at mange ungdommar i Norge ikkje tilfredsstiller dagleg anbefalt aktivitetsnivå, er skulen
ein arena som kan påverke aktivitetsnivået nettopp gjennom slike tiltak.
Nøkkelord: fysisk aktivitet, fysisk form, motivasjon, mestring
Beskrivelse
Masterstudium
i
idrettsvitskap
Høgskulen
i
Sogn
og
Fjordane
mai
2015