Skule–heim–samarbeid, dei vanskelege foreldresamtalane : kva er eit vanskeleg tema i foreldresamtalen, og korleis førebur lærarane seg til dei vanskelege samtalane?
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/285263Utgivelsesdato
2015Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Forsking viser at læraryrket kan vere både stressande og belastande (Skaalvik, Skaalvik, 2012). Relasjonen læraren har til foreldra har innverknad på undervisninga, men også på læraren sitt velvære. Formålet mitt med å skrive denne oppgåva er å lære meir om kvifor nokre samtalar med foreldra i skule–heim–samarbeidet kan vere vanskelege. Gjennom intervju med lærarane ynskjer eg å finne ut kva for tema i foreldresamtalane lærarane synest er vanskelege. Korleis dei handterer desse samtalane, og korleis dei førebur seg til ein samtale dei veit kan verte vanskeleg. Eg ynskjer å lære meir for å stå betre rusta til å møte foreldra til elevane på ein god og respektfull måte uansett kva tema som skal takast opp, eller kor vanskeleg samtalen kan vere. Ut i frå det har eg valt
problemstilling mi. Eg har valt å avgrense oppgåva mi til å gjelde foreldresamtaler i skule–heim–samarbeidet.
Kva er eit vanskeleg tema i foreldresamtalen, og korleis førebur lærarane seg til dei vanskelege samtalane?
Beskrivelse
Grunnskulelærarutdanning (1.-7.)
PE 369
Mai 2015