Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorEngelstad, Inger Lise
dc.date.accessioned2015-06-19T12:05:19Z
dc.date.available2015-06-19T12:05:19Z
dc.date.issued2015
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/285255
dc.descriptionBacheloroppgåve i grunnskulelærarutdanning (1.-7.) PE369 Mai 2015nb_NO
dc.description.abstractTerje Ogden (2012) skildrar ei klasse som eit sosialt system der det vert skapt sosiale strukturar og mønster for samhandling. Desse mønstera har ei viss betyding for korleis klassa fungerer i læringssituasjonen når det kjem til konsentrasjon, merksemd og deltaking. Læraren leiar klassa og vil med sine val og handlingar ha innverknad på kva normer og verdiar som skapar læringskulturen i klasserommet. Læraren si oppgåve er å styre dette sosiale systemet på ein måte som fremjar læring, helse og trivsel, og som medverkar til at elevane opplever sosial tilhøyrsle og tryggleik (Ogden, 2012). Gjennom Hattie (2013, s. 110) si forsking kjem det fram at relasjonen mellom lærar og elev påverkar åtferda og læringsresultatet til eleven. Han seier at ein positiv relasjon byggjer på viljen læraren har til å bry seg om alle elevane, vise interesse for den einskilde, vere støttande og tydelege i forhold til forventingar og utvikling. Hattie seier vidare at dette er viktig for alle elevane, og særskild for dei som av ulike årsaker strevar på skulen. Relasjonskompetansen til læraren er med andre ord sentral for å skape gode læringsarenaer for elevane. Slik eg tolkar Hattie så er relasjonen lærar–elev ein vesentleg faktor for læringsmiljøet i klasserommet. Er elevane trygge på kvarandre og på læraren, vert det skapt eit godt grunnlag for læring. Med desse punkta som bakteppe ynskjer eg å sjå på korleis ein som lærar på mellomsteget kan arbeide for å skape trygge og føreseielege rammer for eit inkluderande læringsmiljø . Korleis arbeider læraren for å skape eit inkluderande læringsmiljø på mellomtrinnet? I denne oppgåva vil eg ta utgangspunkt i relasjonane i ei klasse. Kva gjer læraren for å skape gode relasjonar til elevane, og mellom elevane? Eg vil og sjå på kva rolle strukturen i undervisninga og klasserommet spelar. I tillegg vil eg sjå på korleis lærarane sitt arbeid med foreldre/heimen kan vere med på å styrkje læringsmiljøet i ei klasse.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectinkluderende læringsmiljønb_NO
dc.subjectmellomtrinnetnb_NO
dc.subjectrelasjonernb_NO
dc.titleInkluderande læringsmiljø : korleis arbeider læraren for å skape eit inkluderande læringsmiljø på mellomtrinnet?nb_NO
dc.title.alternativeHow do teachers create an inclusive learning environment in upper primary school?nb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO
dc.source.pagenumber27nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel