Implementering av FNs barnekonvensjon i Zambisk kultur
Abstract
I løpet av mitt 3-måneders opphald i Livingstone, Zambia hadde eg praksis som sosialarbeidar ved ulike institusjonar, både i urbaniserte og rurale områder. I denne perioden har eg observert korleis barn vert behandla og tenkt om, noko som gjorde at eg blei nyfiken på korleis barns rettigheitar vert kombinert med Zambisk kultur. Problemstillinga mi blei difor: Korleis vert FNs barnekonvensjonen implementert i barneoppsedinga i SOS barnebyer i Zambia, og kva utfordringar er knytt til implementeringa?
I denne studien har eg nytta meg av kvalitativ metode. Det empiriske materialet er basert på kvalitativt forskingsintervju samt mine praksiserfaringar. Eg har intervjua tre mødrer ved SOS barnebyer i Livingstone og Lusaka, Zambia og har nytta meg av ein semistrukturert intervjuguide. I tillegg har eg innhenta data frå praksis.
Resultatet viser at det er store utfordringar knytt til det å implementere barns rettigheiter i Zambia, i og med at Zambia byggjer på tradisjonelle verdiar medan barnekonvensjonen byggjer på meir moderne og vestlege verdiar.
Description
Global Knowledge
GK300 15.05.2015