Korleis opplever to kvinner det å ha ei leiarstilling i eit tradisjonelt land som Zambia?
Student paper, others
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/284824Utgivelsesdato
2015Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
I denne oppgåva har eg skrive om kvinnelege leiarar i Zambia. Problemstillinga mi er: ”Korleis opplever to kvinner det å ha ei leiarstilling i eit tradisjonelt land som Zambia?”. Ved hjelp av kvalitativ metode og semistrukturerte intervju har eg samla inn data om korleis det var å søkje på ei leiarstilling, korleis dei opplever det å vere leiar, samt synet på framtida. Eg har presentert teoriar som handlar om milleniumsmål nummer tre, kultur, tradisjonelle og moderne samfunn, undertrykking og modernitet. Deretter drøfta eg teoriar og innhenta data opp mot problemstillinga. Oppgåva viser at sjølv om andelen kvinnelege leiarar aukar i Zambia, er det framleis mange som meiner at det bryt med tradisjonelle verdiar. Det kan vere ei årsak til reaksjonane og hindringane dei møtte i arbeidet som leiarar. Samstundes har dei opplevd positive reaksjonar, som kan tyde på at haldningar er i endring og at det er større aksept for kvinnelege leiarar.
Beskrivelse
Global Knowledge
GK300
Mai 2015