Kvalitetssikring av studentutveksling Studentrefleksjonar i praksis under utvekslingsopphald i Zambia
Abstract
Verda blir mindre på grunn av meir mobilitet blant menneske, av ulike grunnar. Dette fører til at kulturell kompetanse og kulturell bevisstheit er meir enn nokon gang viktige ferdigheiter i sjukepleieyrket (Cowan & Norman, 2006). Tidlegare studiar viser at sjukepleiestudentar manglar den kulturelle kunnskapen som er nødvendig for å møte krava frå samfunnet fullt ut, som sannsynlegvis vil bli presentert av eit meir fleirkulturelt samfunn, dvs. kulturell kompetanse (Gebru, 1997; Momeni et al., 2008).
Regjeringa kom med ei pressemelding 02.03.2021 (Regjeringa (2021)) der det kjem fram at regjeringa har som mål at fleire studentar skal ta heile eller delar av utdanninga si i utlandet. Regjeringa vil bruke ca. 27 millionar kroner på å gjere det lettare å reise på utveksling, spesielt innanfor helse- og sosialutdanningar. Samarbeidsprosjekt mellom Livingstone School of Nursing and Midwifery, Livingstone General Hospital og Høgskulen på Vestlandet (HVL), er eit prosjekt som svarar på regjeringa sine mål.
Dette samarbeidsprosjektet har blitt finansiert av samarbeidsmidlar frå HVL. Prosjektet gjekk over 1 år (2019-2020) og praksisen vart gjennomført mars 2020. Samarbeidsmidlane vart tildelt år 2018-2019 og overført i samråd med Høgskulen på Vestlandet (HVL) til 2019-2020 grunna ingen utreisande studentar på utveksling til Zambia studieåret 2018-2019. Rapporten presenterer resultat frå Workshop, der det vart gjennomført erfaringsutveksling kring studentane sine refleksjonar frå praksis. Erfaringsutvekslinga var mellom studentane frå HVL, lærarar frå Livingstone School of Nursing and Midwifery og representantar frå HVL. Refleksjonane til studentane vart diskutert og levert skriftelege 10.mars 2020 til lærarane som representerte HVL. Refleksjonane vart delt skrifteleg med lærarane ved Livingstone School of Nursing and Midwifery 11.mars 2020. Workshopen vart gjennomført 12.mars 2020 ved Maramba River Lodge. Deltakarene var fem lærarar frå Livingstone School of Nursing and Midwifery, sju sjukepleiestudentar frå HVL campus Førde og tre lærarar frå HVL campus Førde. Rapporten er og basert på kva forventningar studentane hadde til Zambisk kultur før reisa og etter heimkomst.
Description
Skriftserien ved Høgskulen på Vestlandet, Rapport