Effekten av eit åtte-vekers styrketreningsprogram med fokus på overkroppsstyrke på klatrespesifikke testar – ein randomisert kontrollert studie på kvinnelege klatrarar
Abstract
Føremål:
Målet med denne studien var å undersøke effekten av eit åtte vekers styrketreningsprogram med fokus på overkroppsstyrke på klatrespesifikke testar for kvinnelege klatrarar.
Metode:
21 kvinner [28,9±6,5 år (gjennomsnitt ± standardavik); 166 ± 5,2 cm; 61,8±7 kg; 13,2± 2,1 Redpoint IRCRA] med eit ferdigheitsnivå klassifisert som «middels» til «avansert» blei randomisert til å delta i åtte veker med styrketrening (n=10) eller buldring (n=11). Styrketrenings gruppa (ST) trena tre gongar i veka med to økter som primært hadde fokus på relevant overkroppsmuskulatur og ei økt for fingerstyrke. Buldre gruppa (BG) trena i likheit med ST tre gonger i veka med ein buldre/klatrespesifikk treningsprotokoll. Deltakarane blei testa i tre klatrespesifikke testar; Maksimal fingerstyrke på 23mm list, gjennomsnittskraft (Favg) og maksimal styrke (PF) i isometrisk nedtrekk og bøyd-arm heng ved pre og post-test.
Resultat:
Ingen signifikante skilnader blei observert mellom gruppene for nokon av testparametra. For bøyd-arm heng blei det observert ein tendens til signifikant forskjell mellom gruppene ved posttest (p=0,080, ES=0,9). Styrkegruppa demonstrerte signifikant framgang på 8% (p=0,017, 738,6N±137,1 til 803,2N±129, ES 0,48) på gjennomsnittskraft (Favg) og 6% (p=0,0010, 773N±136,6 til 819N±126,9, ES 0,35) makskraft (PF) i isometrisk nedtrekk, samt ein 32% framgang (p=0,0002, 35,68±9,77 til 47,10±7,05, ES 1,4) på bøyd-arm heng mellom pre og post test. Buldre gruppa viste ingen signifikant framgang innad gruppene for nokon av test parametra.
Konklusjon:
Resultata viste ingen skilnader mellom gruppene som favorisera nokon av treningsprotokollane. ST var likevel den gruppa som opplevde størst prosentvis framgang innad i gruppene på eit utval av testane. Styrketrening ser ikkje ut til å kunne forbetre overkropp eller fingerstyrke meir enn systematisk buldre trening på åtte veker med treningsprotokollen i prosjektet. Likevel gav det tilstrekkeleg stimuli for å oppretthalde utgangsnivået i fingerstyrke for ST med signifikant færre klatreøkter i veka (p=0,009). Spesifikk styrketrening kan truleg trygt implementerast i periodar utan å miste fingerstyrke eller anna spesifikk styrke på klatrespesifikke testar.
Description
Master i idrettsvitenskap
FLKI/Idrett, kosthold og naturfag/Idrettsvitenskap
2021