Kva faktorar påverkar unge fotballtalent frå Sogn til å velje Sogndal Fotball?
Abstract
Føremålet med denne studien og oppgåva er å sjå nærare på kva faktorar som påverkar lokale
talent i valet av Sogndal Fotball som arbeidsgjevar, kva faktorar lokale fotballtalent sjølv
meinte var viktig for deira val. Vi har intervjua fleire av desse. Gjennom analyse har vi
forsøkt å trekke ut likskapstrekk i det respondentane har gitt oss.
Metoden vi brukte var kvalitativ metode i form av djupneintervju. Intervjua ville gi oss
utfyllande informasjon om kva faktorar som har vore av betyding når respondentane har valt
Sogndal Fotball. Vi gjennomførte seks individuelle intervju, to med komande spelarar
(nærmar seg tippeligaspel med Sogndal), to noverande spelarar i tippeligatroppen og to
tidlegare spelarar som no spelar i andre klubbar i inn- og utland.
I diskusjonen ser vi på faktorane som respondentane har lagt vekt på, og knytar dette mot
modellar om kva som påverkar talentutvikling. Kva faktorar er viktige for dei lokale talenta?
Kva utfordringar ligg i desse faktorane, og korleis kan desse nyttast til fordel for Sogndal
Fotball?
Description
Idrett og kroppsøving
ID3-323
Desember 2014