Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorGarpestad, Bjørn Arvid
dc.date.accessioned2021-10-21T09:19:38Z
dc.date.available2021-10-21T09:19:38Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2824438
dc.descriptionMaster i spesialpedagogikk Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag. Sogndal Innlevering 14.05.2021en_US
dc.description.abstractAv ulike orsakar, og på ulike tidsrom, er det elevar som er borte frå skulen. Høgt fråvær har konsekvensar på både kort og lang sikt for eleven, familien, og samfunnet. Tidlegare forsking har knyta fråvær, og spesielt skulevegring, til individ- og familiefaktorar. Nyare forsking stil-ler spørsmål til den einsidige koplinga. Både elevar, og foreldre til elevar som er borte frå skulen, peikar på skulefaktorar som dei viktigaste bidragsfaktorane til problematisk skulefråvær. Lærarar i Sverige peikar primært på familie og individuelle orsakar til skulefråværet. For å undersøke diskrepansen i desse resul-tata vart den svenske undersøkinga gjennomført i Norge for å sjå om den gav tilsvarande re-sultat. Målet med studien har vore å undersøke korleis profesjonelle som arbeidar med elevar i første til tiande klasse i skulen, rangerar kjende bidragsfaktorar til problematisk skulefråvær, og ut-forske om det er ulikskapar mellom demografiske grupper i korleis dei rangerer bidragsfakto-rar som er gruppert i kategoriar. Det teoretiske grunnlaget for den svenske undersøkinga vart undersøka, og spørjeskjemaet vart oversett til norsk og endra for å inkludere fleire profesjonar og fleire nivå av undervis-ning. Spørjeskjemaet vart distribuert via e-post til lokale rektorar, og til ei lukka lærargruppe på Facebook i oktober/november 2020. Totalt 266 respondentar rangerte 16 kjente bidragsfak-torar til problematisk skulefråvær i to ulike kvantitative målingar. To opne spørsmål vart også inkludert, for å spørje om orsakar til problematisk skulefråvær. Resultatet vart samla inn ved bruk av SurveyXact, og analysert ved bruk av SPSS 27, Word, Excel, og enkle reiskap til-gjengeleg online. Dei fem viktigaste bidragsfaktorane inkluderte to «individuelle» faktorar, to «sosiale» fakto-rar, og ein familiefaktor. Den individuelle faktoren «nervøsitet, angst, uro» vart rangert høgst. Resultata viste nødvendigheten av å fokusere på mental helse og på pro-sosiale ferdigheiter for å førebygge problematisk skulefråvær. De 16 faktorane vart samla i individuell, familie, sosial, og skulerelatert gruppe, og det vart funne signifikante forskjellar i rangering med tanke på klassifisering av respondentane etter «profesjon», «alder», og «undervisningsnivå siste 5 år». Respondentane anerkjende problematisk skulefråvær som ei utfordring som strekk seg over fleire faktorar samtidig. På gruppenivå rangerte skulearbeidarane individuelle årsaker og fa-milieårsaker høgst, med sosiale og skulefaktorar betydeleg lågare. Til saman stiller denne 3 undersøkinga, saman med den svenske, spørsmål om dei profesjonelle i skulen er i stand til å identifisere fråværegrunnar frå eigen kontekst. Eit skulebasert fråværeteam vert referert til som ein mogleg veg framover.en_US
dc.language.isoengen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectfraværen_US
dc.subjectskolefraværen_US
dc.subjectproblematisk skolefraværen_US
dc.subjectgrunnskolenen_US
dc.subjectproblematic school absenteeismen_US
dc.title«Korleis profesjonelle som arbeider med elevar i første til tiande klasse i Norske skular rangerar kjente bidragsfaktorar til problematisk skulefrå-vær»en_US
dc.title.alternative"How Professionals Working With students in 1st–10th grade in Norwe-gian schools rank known risk factors contributing to problematic school absenteeism”en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber63en_US
dc.description.localcodeMASPED3-303en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal