Den samansette oppgåva: ein kvalitativ studie om eit inkluderande læringsmiljø
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2823844Utgivelsesdato
2021Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Føremålet med denne masteroppgåva er å kaste lys over eit utval lærarar sin forståing for omgrepet inkluderande læringsmiljø, og deira praksis for å fremja eit inkluderande læringsmiljø. Det er nytta kvalitativt design i form av semistrukturert djupneintervju, og empirien er blitt analysert med stegvis-deduktiv induktiv metode (SDI). Alle informantane er utdanna lærarar, og arbeider som kontaktlærarar på barneskule. Resultatet frå studien visar at arbeid med det sosiale fellesskapet, læringsfellesskapet og inkluderingsfokusert klasseleiing er dei mest vektlagde elementa. Nokre av desse elementa vart ordlagt nokså nøyaktig av lærarane, medan andre vart synleg gjennom konteksten når dei fortel om praksis i intervjua. I arbeidet med det sosiale fellesskapet visar funna at lærarane vektlegger arbeidet med relasjonar og elevanes tilhøyrsle til elevgruppa, samt at dei legg til rette for utvikling av det sosiale fellesskapet gjennom aktivitetar og andre grep som organisering og samtalar. Læringsfellesskapet blir utarbeid gjennom at lærarane legg til rette for læring og mestring for alle, der alle skal kunne delta i eiga og medelevars læring, og at dei lagar rom for at alle skal kunne feile og utvikle seg. I inkluderingsfokusert klasseleiinga vektleggar lærarane trygge og føreseielege rammer, samarbeid med kollegaer og foreldre, samt at dei har fokus på deira eiga inkluderande framtoning som lærar og rollemodell. Det sosiale fellesskapet, læringsfellesskapet og Inkluderingsfokusert klasseleiing kan samla vise korleis ein kan forstå og fremja eit inkluderande læringsmiljø. Samstundes i lys av relevant forsking kjem det fram i oppgåvas drøfting at det er ein krevjande oppgåve å fremja eit inkluderande læringsmiljø. Det er mange faktorar som spele inn, også ting som er utanfor lærarens handlingsrom. Lærarane er avhengig av at kollegaer, leiing, foreldre og elevgruppa også arbeider for å ha eit inkluderande læringsmiljø. Det finnes òg spenningsforhold i skulen som kan gjere arbeidet med å fremja eit inkluderande læringsmiljø krevjande. Funna i studien kan ikkje brukas til å trekkje generelle slutningar om kva alle lærar forstår og arbeider for å fremja eit inkluderande læringsmiljø. Dette fordi studien tar utgangspunkt i eit avgrensa og strategisk utval på fire informantar. Det er deira opplevingar av fenomenet som kjem fram. Eg håpar likevel at denne studien kan vere eit empirisk bidrag, og ein samanstilling som kan gje kunnskap til lærarar som ynskjer meir kunnskap om korleis dei forstå og arbeider for å fremja eit inkluderande læringsmiljø.
Beskrivelse
MASPED3-303 Høgskulen på Vestlandet, avd. Sogndal/ Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag/ Master i spesialpedagogikk
14.05.21